Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Fortauskanten er borte i Øvre Borggata
Av:  Henriette Hansen
Publisert:  12.03.2010
Foto: Nina Sørli
Oppdatert: 23.06.2011

Universell utforming i Stord kommune

Pilotkommune

Stord kommune deltok i perioden 2005 – 2008 i eit pilotprosjekt for universell utforming i Noreg. Stord vart vald ut som ein av 16 pilotkommunar i samband med regjeringa sin handlingsplan for auka tilgjenge (2005-2009).

Universell utforming betyr at produkt, tenester og omgjevnadar skal utformast på ein slik måte at dei kan nyttast av alle menneske, i så stor utstrekning som mogleg, utan behov for tilpassing eller spesiell utforming. 

Pilotkommuneprosjektet vart koordinert av Miljøverndepartementet og hadde fokus på å styrke universell utforming i kommunal verksemd. Målsettinga var å integrere universell utforming i kommunen sitt arbeid gjennom kompetanseutvikling, gode samarbeidsrutinar, medverknad og erfaringsutveksling med andre pilotkommunar og kommunar.  Pilotkommunane skulle utforske og praktisere universell utforming som strategi for å skape eit lokalsamfunn med betre tilgjenge, likeverd, deltaking og valfridom for alle.

Ressurskommune

Etter perioden som pilotkommune (2005-2008) fekk Stord kommune tilbod om å vidareføre arbeidet med universell utforming som ressurskommune.  Dette har Stord kommune takka ja til. Arbeidet vert vidareført  med prosjektleiar i 20% stilling og ei ressursgruppe på tvers av fag og einingar, samt medlemmar frå Rådet for Funksjonshemma. Desse har saman ansvar for oppfølging og framdrift. Arbeidet som ressurskommune er på grunnlag av regjeringa sin handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge 2009-2013: ”Norge universelt utformet 2025”

Som ressurskommune skal Stord bidra til å 

  • Verkeleggjere nasjonale mål i regjeringa sin handlingsplan ”Norge universelt utformet 2025”.
  • Gjennomføre handlingsplanen sitt tiltak K1 ”Nasjonalt utviklingsprosjekt i fylkeskommuner og kommuner”*.
  • Utnytte og formidle røynsle som er nedfelt i m.a. rapporten ”Universell utforming som kommunal strategi – Erfaringer og resultat fra pilotkommunesatsingen 2005-2008” ( T-1472) og røynsle som vert hausta i ressurskommunane sitt vidare arbeid innan feltet.

*Tiltak K1 Nasjonalt utviklingsprosjekt i fylkeskommunar og kommunar.

Universell utforming vert utvikla som strategi i kommunal og regional planlegging og forvalting. Tiltaket inkluderer ressurskommunar, pilotfylke og nye pilotkommunar. Alle fylke og 25% av kommunane bør aktivt med innan 2015.

Ressurskommunane skal m.a. bidra til å oppfylle fylgjande mål innanfor K1:

  • Kommunane skal arbeide for at alle kommunesentra i Noreg vert universelt utforma.
  • Alle kommunar har friluftsområde for allmenn bruk som er universelt utforma.
  • Alle kommunar bør ha vedteke kommuneplan med retningsliner og vedtekter for universell utforming innan 2015
  • Universell utforming bør vere eit integrert prinsipp i alle regionale planar innan 2015.
  • Alle fylke og 25% av kommunane bør delta aktivt i nasjonalt utviklingsprosjekt for universell utforming med kommune og fylkesretta satsing innan 2014.
  • Alle kommunar bør ha delteke aktivt i rettleiing om ny plan og bygningslov innan 2010.

Visjon

Stord kommune er eit samfunn for alle. Stord kommune inspirerer i ord og gjerningar andre til å jobbe med universell utforming.

For å nå målet om eit likestilt og universelt utforma samfunn er det naudsynt med omtanke og innsats på alle nivå i samfunnet. Det er viktig å tenkje ”føre var” prinsippet, med god planlegging ved etablering av nye bustadområde, næringsbygg, samt ved renovering av gater/plassar og bygg.

Kontaktinformasjon

Prosjektleiar

Ingfrid Kambe Strømsnes

E-postadresse

ingfrid.kambe.stromsnes@stord.kommune.no

Ressursgruppe

Stord kommune har ei ressursgruppe for universell utforming. Her finn du informasjon om medlemmane i denne gruppa.  

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM