Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  21.09.2009
 
Oppdatert: 07.02.2012

MARIS – Medikamentassistert rehabilitering i Stord

MARIS - senteret er eit frivillig behandlingstilbod for opiatmisbrukarar. Senteret har ope for pasientar som har fått innvilga behandling på Metadon og Suboxone/Subutex. MARIS har medisinutdeling 6 dagar i veka og aktivitetstilbod 5 dagar.

Korleis får ein behandling?

Det er NAV Stord ved sosialtenesta, i samarbeid med pasienten, som søkjer dei inn til behandling. Dei vurderer om ein fyller kriteria og deretter hjelper til med ein eventuell søknad. Behandlingsinstans er LAR - Helse Fonna, der ei inntaksnemnd gjer endeleg vedtak om behandling.

Behandlinga er eit samarbeid mellom NAV Stord ved sosialtenesta, fastlegetenesta i Stord kommune, MARIS og LAR - Helse Fonna.

På MARIS får du

  • tilbod om private samtalar med dei tilsette.
  • hjelp til praktiske gjeremål (som t.d. å bestilla time hjå lege/tannlege, NAV osv.)
  • servert måltid kvar dag
  • spela biljard & airhockey
  • disponera 3 datamaskinar
  • gå turar, spela ballspel i lånt gymsal, bowling m.m.

Om lokala

MARIS held til i nye lokale i Borggata og har eiga stove m/kjøkkenkrok og stort aktivitetsrom m/biljard og airhockeybord. Vidare er det eit stort rom m/kontorlandskap og eit eige møte/samtalerom.

Tilsette

MARIS har 3 tilsette i full stilling og eigne helgevakter.

Betalingssatsar

Det kostar ingenting å ta del i behandlingstilbodet på MARIS.

Opningstider

Måndag-fredag kl. 09:00 - 15:00
Laurdag kl. 09.30-11.30
Søndag: stengt

Kontakt MARIS

Eininga for Sosiale og førebyggjande tenester 

Kontaktpersonar:


Sonja Irene Helland

Inge Hamre 

Henning Sudmann

Telefon: 53 40 33 61 / 53 40 33 64

E-post: sonja.irene.helland@stord.kommune.no

Besøksadr.: Borggata 5 
Postadr.: 5417 Stord

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM