1. Lovgrunnlaget
Frå §5-5 i Opplæringslova:
” For elev som får spesialundervisning, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan. Planen skal visa mål for og innhaldet i opplæringa og korleis ho skal drivast. Skolen skal kvart halvår utarbeida skriftleg oversikt over den opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven. Skolen sender oversikta og vurderinga til foreldra til eleven og til kommunen.”
Merknader frå Ot. prp. nr. 46 (19997/98) til §5-5:
”Den individuelle opplæringsplanen må ta utgangspunkt i den generelle delen av læreplanane og læreplanane i faget så langt dei passar, og også ta utgangspunkt i lærevanskane og læreutsiktene til den einskilde eleven slik dei går fram av den sakkunnige vurderinga. Den individuelle opplæringsplanen skal visa mål for innhaldet i opplæringa og korleis ho skal drivast, og ein må samordna planen med planen for klassen”.
”Vurderinga må skje med bakgrunn i den individuelle opplæringsplanen. …..Dessutan gjeld regelen førskulebarn så langt han passar. Det vil i praksis seia at den som har ansvar for opplæringa, sørgjer for at oversikta og vurderinga blir utarbeidde og sender oversikta og utarbeidinga til kommunen og foreldra til barnet.”
Merknader frå Ot. prp. nr. 67 (2002/2003) til §5-5:
”Endringa består i at det tidlegare ansvaret for halvårsrapporteringa, som var lagt til respektive klassestyrar og rektor, etter den nye føresegna blir lagt til skulen.”
2. Generelt om IOP
IOP erstattar den ordinære læreplanen i dei aktuelle faga.
IOP skal utarbeidast for elevar som har så store vanskar at den vanlege læreplanen ikkje tilfredsstiller deira pedagogiske behov. Det skal vera ei omfattande/radikal tilpassing av den ordinære læreplanen i innhald, undervisningsmetodar og forventa progresjon, slik at den sikrar barn/elevar deira lovfesta rett – eit forsvarleg utbytte av opplæringa. Ei slik tilpassing vil difor representera både eit avvik frå og eit alternativ til den ordinære opplæringa.
For elevar med psykisk utviklingshemming vil opplæringsmåla ha eit perspektiv som går ut over dei tradisjonelle skulefaglege måla, dvs. i større grad vera knytt til eit livsperspektiv. Dette krev eit breitt tverrfagleg samarbeid.
I spesialundervisninga vil det ofte vera trong for ein eigen og spesiell metodikk. Denne må i kvart einskild tilfelle gjerast synleg i IOP. Vidare er målsetjing, emneval og organisering sentrale element i planen.
3. Utfylling av IOP
3.1 Pedagogisk kartlegging
Kartlegginga skal seia noko om viktige føresetnader for læring hos barnet, som det kan trekkjast pedagogiske konsekvensar av.
Det skjer mange endringar i løpet at eit år. Kartlegginga legg grunnlaget for den individuelle opplæringsplanen. Det vert naturleg å sjekka om kartlegginga bør gjerast i samband med den evaluering ein gjer av barnet/eleven når ein skriv halvårsrapport.
Samspelet mellom barnet/eleven og dei vaksne må observerast. Gjennom observasjon vil ein få kunnskap om sosial fungering, det kjenslemessige klimaet i gruppa, venskap og konfliktløysing. Ei skildring av desse områda høyrer også med i ein opplæringsplan.
Før ein startar utfylling av IOP må barnehagen/skulen observera og kartlegga barnet/eleven innan ulike område.
Skildring av barnet/eleven sine sterke sider
Vurder viktige føresetnader for læring innafor ulike områder. Aktuelle utviklingsområde kan vera:
- Språk
- Kommunikasjon
- Konsentrasjon
- Fagleg/kognitivt
- Sosialt/emosjonelt
- Motorikk
- Leik
- Anna…
Interesser og hobbyar
Det er viktig å kartlegga kva barnet/eleven likar og er oppteken av og nytta dette som innfallsvinkel og døropnar i individuelle opplegg for barnet/eleven.
Forståing av eleven
For å forstå barnet/eleven må me setja oss inn i hans situasjon. Prøv å sjå verda med hans auge. Set deg inn i barnet/eleven sin måte å møta faglege og sosiale situasjonar på. Sei noko om barnet/eleven sine vanlege meistrings-strategiar. Kva vel han og kvifor? Kva prøver han å oppnå, og korleis skjer dette?
Vanskar / særskilde behov
Me vanskar meinest problem somgjer at eleven ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av ordinær opplæring. Det kan gjelda tilhøve som verkar negativt inn på barnet si læring og utvikling. Prøv å forstå problematferd ut frå barnet sin synsvinkel, og beskriv vanskane så konkret som mogeleg.
Følgjande punkt er viktige å få med:I kva situasjonar oppstår vanskane?
- Kor hyppige er dei?
- Kan vanskane vera eit uttrykk for ikkje hensiktsmessige meistringsstrategiar eller kompensering for fagleg/sosial tilkortkoming?
- Kva for konsekvensar har vanskane for barnet/eleven?
- Kva treng barnet for å fungera godt?
- Kva behov har barnet/eleven i høve dei fysiske omgjevnadene, dei vaksne, andre?
3.2 Hovudmål og delmål
Med hovudmål meiner ein kunnskap og dugleik ein skal nå i løpet av tida som kjem. Måla kan t.d. omfatta fagleg og sosial fungering, språk og kommunikasjon, kognitiv utvikling, motorisk og sansemessig utvikling og leikedugleik.
Måla skal vera konkrete, realistiske og målbare. Det er vanleg at ein formulerer mål i presens, t.d. ”NN har funksjonell lesedugleik”.
Kvart hovudmål skal ha delmål. Som hovudmåla skal dei vera konkrete, realistiske og målbare, og formulerast i presens, t.d. ”NN avkodar 20 ord frå utvald ordpensum automatisk”.
Delmåla skal vera oppnåelege innafor ein kortare tidsperiode.
Måla bør formulerast positivt, t.d. ”NN meistrar å gå roleg ut av rommet”, heller enn ”NN har slutta å dytta og sparka andre”.
Mål som gjeld sosial samhandling bør formulerast med utgangspunkt i ein sosial arena.
Det må vera samanheng mellom kartlegging, mål og tiltak.
3.3 Tiltak, organisering og ressursbehov
Når ein har kome fram til konkrete og presise målformuleringar, må ein finna tiltak som er best eigna til å nå måla, og kva ressursar ein treng for å nå dei. I denne samanhengen er det viktig å spørja seg kor mykje den einskilde er i stand til å ta imot av spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning i løpet av ei veke.
I utkastet til IOP skal barnehagen/skulen gje opp det eksakte antal årstimar ein meiner er naudsynt for å nå dei oppsette måla.
Vidare må ein spørja seg om kva tid på dagen spesialundervisninga bør leggjast til – kva tid er eleven mest opplagt, og kven fungerer eleven best i lag med?
Tiltaka skal seia noko om:
- Metodar
- Materiell, hjelpemiddel (t.d. kalkulator, datamaskin)
- Organisering (einetimar/økter, gruppetimar, i samla gruppe, kurs)
- Ansvar (spesialpedagog, kontaktlærar, assistent, pedagogisk leiar)
3.4 Oppnådd dato
Ein bør på førehand ha tenkt gjennom korleis ein vil evaluera/måla grad av måloppnåing, t.d. ved bruk av kartleggingsprøver, ved observasjon eller ved meir uformell utprøving. Ein kan gjerne notera ned på IOP kriterier for korleis ein vil måla om eit delmål er nådd.
Dersom det er mogeleg, skal ein arbeida praktisk og dagleg med konkrete delmål som er oppnåelege innafor eit gjeve tidsrom. Å meistra og oppnå resultat er viktig i det spesialpedagogiske arbeidet.
Døme:
Delmål: Meistrar å knytta skolisser
Oppnådd ved: Visa meistring ved 4 av 5 forsøk i løpet av ei veke
Det kan vera sider ved barn/elevar si læring som set krav til repetisjonar og overlæring for at kunnskapen er automatisert/lært. Rubrikken ”Oppnådd dato” må tilpassast dette.
Ein del trening innafor åtferd og sosiale/emosjonelle vanskar er vanskelege å tidfesta, og ein jobbar ofte etter meir langsiktige mål. Det er likevel viktig å ha fokus på meistringsområde for eleven, og dette kan vera ein viktig motiveringsfaktor i utviklinga.
Då kan kortsiktige mål t.d. setjast opp slik:
1. mål: NN greier å motta og utføra ein beskjed/instruks frå vaksen kvar dag.
Greier NN dette 3 av 5 dagar i ei veke, er målet nådd.
Målet skal då utvidast.
2. mål: NN meistrar å skriva rett 5 høgfrekvente ord med dobbel konsonant.
Han skriv orda rett i fri, skriftleg tekst over 2 veker.
Nytt mål vert formulert: 5 nye høgfrekvente ord skal innøvast
3. mål: NN har auka lesefarten med 10 ord pr. min.
Oppnådd resultat vert sjekka ved ein til to lesetestar på 2 veker.
Nytt kortsiktig mål vert formulert.
4. mål: NN sit stille og høyrer på opplesing i 5 minuttar.
Oppnådd resultat ved 4 av 6 gonger i løpet av 2 veker
Mål vert utvida, nytt kortsiktig mål vert formulert.
3.4 Halvårsrapport
Halvårsrapporten skal dokumentera barnet/eleven si utvikling i høve til dei oppsette måla i spesialundervisninga. Rapporten skal gje informasjon om kva som er oppnådd av måla og kva som evt. står att i høve til målformuleringane.
Dess meir presis og konkret ein har vore i målformuleringane, jo enklare er det å vurdera om måla er nådd. Metode/arbeidsmåtar, organisering, ansvarsfordeling og andre rammefaktorar si innverknad på resultatet skal også vurderast. Kriterier for korleis ein har målt oppnådd resultat må også takast med.
Halvårsrapporten med plan skal leggjast fram for føresette og evt. eleven sjølv, og skal nyttast som grunnlag for ny individuell opplæringsplan.
NB! Rapporten er kommunen sin dokumentasjon i høve til det tilbodet barnet/eleven har fått, med tanke på evt. etterspel/søksmål.
4. LAGRING AV IOP
Dei ulike skjema knytt til IOP kan lastast ned frå kommunen si nettside. Skjema skal/kan fyllast ut elektronisk.
Det er viktig at barnet/eleven sin IOP ikkje vert lagra lokalt på den enkelte datamaskin eller på USB-stick. Han kan lagrast på P:\ -stasjonen på Stord kommune sin nettstad, og skal handsamast konfidensielt. Ta kontakt med IKT-ansvarleg ved din arbeidsplass viss du er usikker på korleis dette skal gjerast.
Ved overføring barnehage/barnesteg/ungdomssteg bør IOP overleverast i papirform og ikkje sendast som e-post.
5. KVEN SKAL IOP SENDAST TIL, OG NÅR?
IOP skal utarbeidast i samarbeid med føresette, som skal underskriva på dokumentet. Føresette får kopi av underskriven IOP.
Kommunen ved Kundetorget skal ha IOP ved søknad om §5- ressursar. Dei skal også ha kopi av halvårsrapportane.
Foreldra skal kvart år samtykka i utarbeidinga av ny/revidert IOP og skriva under på denne.
Det er på siste side i halvårsrapporten laga til rubrikk for foreldra, der dei gjev uttale om omfang, organisering og innhald i hjelpa/undervisninga. Denne skal nyttast som dokumentasjon for uttaleretten før enkeltvedtaka vert gjort kvart år.
Dersom ein gjer vesentlege endringar i IOP utanom halvårsrapportane, må ein vurdera om det skal sendast revidert utgåve til involverte partar (føresette og Kundetorg). Involverte partar må i alle fall informerast om endringa. I dei fleste tilfelle vil det vera tilstrekkeleg å senda ut ein kop av revidert IOP.