Av:
Ina Kallestad
Publisert:
21.06.2011
Foto: Nina Sørli
Oppdatert:
06.02.2012
Stord vatn og avlaup KF vil starta arbeida på Jensanesvegen og avlaupssanering i området 08.09.2011.
Prosjekterande: Norconsult AS
Entreprenør: Engelsen Anlegg AS
Byggjeleiing: Akvator AS, ved Reidar Nesse og
Inge Hystad tlf: 90802051
Jensanesvegen er eit felles prosjekt mellom Stord kommune, Hordaland fylkeskommune, Statens vegvesen, Stord vatn og avlaup KF, Sunnhordland Kraftlag og Telenor.
Følgjande skal utførast:
Veg
Vegen skal utbetrast på ei strekkje på 800 meter frå Seglneset til Kappelen. Dersom det er midlar att vil ein halda fram 200 meter til Vikaneskleivo.
Vegopprustinga inneber følgjande:
- Nytt fortau med gatelys
- Sanering av avkjørslar og ombygging/nybygging av sidevegar
- Nye vegmurar med høgd opp mot 10 meter
- Riving av to hus
- Ombygging og utviding av fylkesveg 70
Vatn og avlaup
Innan vatn og avlaup skal følgjande utførast:
- Alt avløp frå Einarsdalen og til Kappelen skal samlast og videreførast frå Kappelen.
- Det skal byggjast tre kommunale pumpestasjonar og nokre private.
- Hovudvassledninga erstattast med ein ny og større leidning.
Straum og telefon
- SKL vil sanera linjene sine, leggja kablar i grøft og setja nye trafokioskar i området.
- Telenor vil også sanera deler av sine linjer
- SKL- Breiband vil leggja trekkerøyr.
Relaterte artiklar
08.09.2011 Jubel for prosjektstart på Jensaneset
Sida vert oppdatert.
Øyvind Dahl
Prosjektleiar