Føremål
Klubben sitt føremål er å fremja eit godt sosialt miljø blant alle tilsette i Stord kommune, m.a. ved å opparbeida felles interesser for fritidssysler som idrett, friluftsliv og andre sosiale tiltak.
Vedtektene finn du her
Velferdstilbod
Hytter
- Leilegheiter i Røldal
Frå desember 2010 leiger Stord Ve og Vel på åremål to heilt nye leilegheiter ved Røldal Terasse. Dei er identiske berre speglvende og har 8 sengeplassar kvar. Her er velutstyrt kjøken og i kjellaren finn du garasje med bod. Leilegheitene ligg ca 1 km frå Røldal skisenter og det går bussar opp frå Terassen. Inkludert i leiga er 2 skikort pr hytte. For meir info sjå:
Informasjonsskriv om leilegheitene i Røldal
eller kontakt Hilde S. Aadland
Søk på leilegheitene i Røldal
- Påskehytter
Velferdsklubben har hytter til utleige på Groven Camping og Hyttegrend på Åmot i Telemark i påska. Eignar seg godt for familiar. For informasjon, sjå:
Påskehytter Åmot
- Husøya, helge- og vekeopphald
Namnet på øya kjem truleg av at det ein gong har stått eit hus der. Kva tid det var og kven som budde der veit ein ikkje. Øya tilhøyrde opphavleg Hystadgarden. I 1919 kjøpte skipsreiar og fabrikkeigar Mons Isaksen Aslaksvik Husøya. I 1934 vart øya seld til ingeniør Steien. Året etter kjøpte kaptein Høviskeland som budde på Hystad, Husøya. Det var familien Høviskeland som bygde hytta som no er restaurert.
Kommunen overtok øya 9/2-1973 og sjøspeidarane fekk nytta hytta mot å halda ho i stand. No er det Velferdsklubben som disponerer hytta. Det vart lagt ned mykje godt dugnadsarbeid før den var ferdig for utleige frå juli-2000.
Hytta ligg lunt til på austsida av øya og her er fint å bada. Hytta er utstyrt med gasskokeapparat, og kjøleskåp. Det er dyner og bestikk. Det er òg ført fram vatn til hytta.
Dette er eit flott tilbod som me håpar medlemmane gjer seg nytte av. Velferdsklubben disponerer båt til utleige, denne kan òg leigast separat.
Pris: Medlemmer kr. 50,- pr. døgn. Ikkje medlemmer: kr. 100,-
Kontakt: Kundetorget
Ferietilskot
Velferdsklubben leigde i mange år sommarhytter på fjellet, ved sjøen og i Danmark. For nokre år sidan vart dette endra. I staden for å ta på seg formidling av hytter, bestemte styret at det heller skulle trekkjast eit ferietilskot tilsvarande det velferdsklubben subsidierte hytteleiga med. På den måten kan alle medlemmene vera med i trekkinga. Også dei som ynskjer å feriera på eiga hytte, eller finna si eiga leigehytte.
Bading i Rehabiliteringssenteret
Frå slutten av september og til påske leiger Ve og vel bassenget ein time pr veke. Frå 11. januar 2011 vert dette kvar tysdag frå 19.00 – 20.00. Tilbodet gjeld alle medlemmane i Stord Ve og Vel, men det er ikkje høve til å ta med born denne timen.
Bading i Kulturhuset
Frå og med 29. februar og fram til påska vil Velferdsklubben leiga bassenget i Kultuhuset kvar onsdag frå klokka 20.00 - 20.55.
Julatrefest for born
Velferdsklubben arrangerar kvart år ein julatrefest for borna, og gjerne barnebarn til tilsette i Stord kommune.
Trimrom i Rådhuskjellaren
Ve og Vel har utstyrt eit flott trimrom i Rådhuskjellaren. Dette bør du prøva! Etter stengetid kan du låna nøkkel i Kulturhuset.
Turar
Det vert og arrangert ulike turar i Velferdsklubben sin regi. Til dømes teaterturar, bowlingturar og andre turar.
Medlemslotteri
Du kan vinna i medlemslotteriet - trekninga skjer i nov/des. Dei siste åra har gevinstane m.a. vore fenalår, spekeskinke og gåvekort.
Utlån av diverse utstyr
Medlemmane kan låna/leiga diverse utstyr som tilhengar, kompostkvern, kappsag, greinklyppar, straumaggregat etc. Oversiktslister skal henga som oppslag på dei ulike arbeidsstadane.
Utstyrslista finn du her:
Medlemsskap
Alle tilsette i Stord kommune og tilsette i heilt eller delvis eigde aksjeselskap har rett til å vera medlem i Velferdsklubben. I klubben har alle medlemmer same rettar, uansett stilling. Pensjonistar kan framleis vera medlemmer ved å betala kontingent.
Nytilsette i Stord kommune vil frå fyrste dag få tilbod om å bli medlem og har alle rettar i Velferdsklubben ved betaling av kontingent. Medlemsskapet er friviljug. Utmelding skal skje skriftleg.
Kontingent og innmelding
Årskontingent er frå 2012 kr. 250,- (vert trekt på marsløna)
Innmeldingsskjema finn du her