Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  28.06.2010 13:54
 
Oppdatert: 28.06.2010 14:37

Universell utforming i Leirvik sentrum - prinsipp og overordna system for føringslinjer

Denne rapporten presenterer ein overordna plan for føringslinjer i Leirvik, og det vert gjeve prinsippløysingar på korleis ein skal gi tilgjenge til bygolvet i samsvar med den universelle utforminga.

Framside-Rettleiar Universell utforming i Leirvik sentrumMålet med denne rapporten er å lage eit heilskapeleg felles grep, og å sikre ei lik og avklara tilnærming til universell utforming. Dokumentet skal gje utbyggjar klare reglar og like krav å halde seg til. Dokumentet skal kunne bli nytta direkte i planlegginga av nye prosjekt.


Rapporten er delt i to. Første del er ein analyse av situasjonen i Leirvik i dag, og gjev ein overordna heilskapeleg plan for føringslinjer. Andre del viser prinsippløysingar med tanke på materialbruk, møblering og belysning osv.
Samferdselsdepartementet ved Statens vegvesen har gjennom tilgjengeprogrammet BRA (Betre infrastruktur, Rullande materiell, Aktiv logistikkforbetring) gitt midlar til arbeidet med utarbeidinga av denne planen.

Sjølve rapporten er utarbeida av Arkitektgruppa Cubus AS ved landskapsarkitekt MNLA Katrine Lone Bjørnstad og landskapsarkitekt MNLA/ byplanleggjar Axel N. Sømme. Under prosessen er det halde møte med representantar frå Statens Vegvesen , eldrerådet, rådet for funksjonshemma, Tekniske tenester i Stord kommune, og kommuneergoterapeut.

 

Last ned rapporten i PDF format her

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM