Av:
Henriette Hansen
Publisert:
22.12.2010 11:01
Oppdatert:
22.12.2010 11:47
Alle Sunnhordlandskommunane var invitert, samt fleire av dei private verksemdene rundt i kommunane. Konferansen vart også annonsert via Stord kommune og Hordland fylkeskommune sine nettsider.
Interessa for konferansen var stor. Tilslutt var det 78 registrert deltakarar frå 5 kommunar. Av deltakarane var fleire yrkesgrupper representert, deriblant arkitektar, fysioterpeutar, ergoterapeutar, arealplanleggarar, politikarar, ingeniørar og representantar for Rådet for funksjonshemma.
Dagen vart opna av ordførar Liv Kari Eskeland. Konferansen hadde vidare eit variert program med mange aktuelle tema belyst av flinke og inspirerande foredragshaldarar.
Tilbakemeldingane på konferansen har vore gode, og me håpar difor at fleire vil ha eit større fokus på universell utforming i tida framover!
Sjå også omtale på Miljøverndepartementet sine nettsider
Presentasjonane