Planstatus:
For alle eigedomar finnes det ein arealplan som gjev føringar for kva som går an å gjera på eigedomen. Avhengig av kvar i kommunen eigedomen ligg, kan dette vera ein kommuneplan, kommunedelplan, reguleringsplan, bebyggelsesplan, disposisjonsplan eller strandplan. Dette står meir om på regulering sine sider.
Førehandskonferanse:
Det er lurt å be om førehandskonferanse på eit tidleg tidspunkt. I førehandskonferansen kan du leggje fram kva du ynskjer å gjera, og sakshandsamar kan gje rettleiing om det er i tråd med planar, lover og reglar. Avklaringar på eit tidleg tidspunkt kan spare mykje tid i saksprosessen. Der er viktig å senda med situasjonskart og teikningar i plan,snitt og fasade til kommunen , slik at sakshandsamar kan gjøre ein foreløpig vurdering og kan gje svar på spørsmål angåande tiltaket. Dersom tiltaket er av ein slik type at det er krav til "Ansvarleg søkjar" er det viktig at ansvarleg søkjar er med i førehandskonferansen. Kommunen stiller som regel med plansjef som viser til planstatus og byggesakshandsamer som viser til byggereglane.
Ansvarlig søkjar:
Når det er tatt avgjerdsle om gjennomføring av eit tiltak som er søknadspliktig etter plan- og bygningslova, må tiltakshaver engasjere eit føretak som kan stå som ansvarleg søkjar. Ansvarleg søkjar vil vera kommunen sin kontaktperson under heile byggjesaka. Ansvarleg søkjar skal koordinere heile byggjesaka og har i den samanheng ei rekkje oppgåver.
Nabovarsel:
Ved søknad om løyve eller melding skal både naboar og motbuarar varslast dersom dei ikkje har skriftleg sagt i frå at dei ikkje har nokon merknad til søknaden, jf. pbl. § 94 nr. 3.
Dispensasjon
Kva er dispensasjon?
Dispensasjon er eit særskild løyve som kan verta gjeve på bakgrunn av ein skriftleg søknad om varig eller midlertidig å kunne fråvike føresegner i plan- og bygningslova, tilhøyrande forskrift eller vedtekt, reguleringsplaner og -føresegner.
Korleis kan ein søkje om dispensasjon?
Når tiltakshavar/søkjar ynsker å gjennomføra eit tiltak i strid med plan- og bygningslova/planar, må han søkja om dispensasjon. Søknad med grunngjeving må skrivast på eige ark og leggjast ved saka. Det må i tillegg merkast tydleg på nabovarselet og gjenparten av nabovarselet at det vert søkt om dispensasjon. Vi oppmodar sterkt til at du tek kontakt med heradet og ber om ei førehandskonferanse før du sender inn søknad om dispensasjon.
Når kan det gjevast dispensasjon?
Dispensasjon kan berre gjevast når det føreligg "særlige grunner". Omsynet for dispensasjon må vege tyngre enn dei som talar mot. Sjølv om slike "særlige grunner" føreligg har ein ikkje krav på å få dispensasjon.
Tidsfristar 3 eller 12 veker:
Søknad om løyve til tiltak etter §§ 20-1 og 20-2 som ikkje medførar dispensasjon frå plan , skal avgjørast av kommunen innan 12 veker etter fullstendig søknad foreliggar, med mindre annet følgjer av andre eller tredje ledd. ved overskridelse av frista skal kommunen tilbakebetale byggesaksgebyr etter nærmare bestemmelsar i forskrift , jf § 21-8 tredje ledd.
Søknad om løyve til tiltak etter §§ 20-1 og 20-2 der tiltaket er i samsvar med bestemmelser gitt i elelr i medhald av denne lov, der det ikkej foreliggjer merknader frå naboer eller gjenbuare , og ytterleg løyve, samtykke eller uttalelse frå anna myndighet ikkje er nødvending, skal avgjerast av kommunen innan 3 veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristens utløp, regnes tillatelse som gitt.
Søknad om løyve til tiltak etter § 20-2 der det foreliggjer protestar frå naboer eller gjenbuerar, men øvrige vilkår i andre ledd er oppfylt, skal også behandles av kommunen innan 3 uker, men tillatelse regnes i slike tilfelle ikkje for gitt sjølv om kommunen ikkje har truffet vedtak innan fristen.
Ferdigattest skal utstedes av kommunen innan 3 uker etter kravet er motteke sammen med nødvendig dokumentasjon. Der ferdigattest ikkje er utstedt innan fristen, kan byggverket teas i bruk.
Den kan i den enkelte sak avtales lengre frist enn angitt i de enkelte ledd i denne paragrafen.