Hovudområde for faget
Førebyggjande brannvern
Hovudområdet dreiar seg om brannførebyggjande tilsyn, fyringsteknikk, skorsteinsteknikk og skadebegrensning. Det handlar om å vurdere branntekniske løysingar og ulike brannsikringstiltak i bygningar. Veiledning i montering og bruk av fyringsanlegg inngår. Bruk av og veiledning om slokkemidlar og slokkemetodar er ein del av hovudområdet. Hovudområdet handlar om å laga og bruka eigna verkty til feiing av skorsteinar og ildstader. Analyse og kontroll av fyringsanlegg, informasjon, veiledning og rapportering inngår. Helse, miljø, tryggleik og kvalitetssikring står sentralt i hovudområdet.
Bransjelere
Hovudområdet dreier seg om dei branntekniske eigenskapane til bygningsmaterialer og bygningskonstruksjoner. Hovudområdet omfattar gjeldande regelverk, etiske retningsliner, kundehandsaming og tverrfagleg samarbeid. Det omhandlar faget sin historie og plass i samfunnet og forholdet mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. I hovudområdet inngår utslepp av forbrenningsgassar og varslings- og sprinkleranlegg.
Formål
I Norden har feierfaget røter tilbake til 1600-talet, då den dansk-norske kongen Kristian IV henta faglerde feiarar frå Tyskland for å feia skorsteinane på slotta sine. Sida den gong har faget utvikla seg mykje og tilpassa seg tida sitt krav. Brannførebyggjande tiltak, tilsyn og informasjon har i dag ein meir sentral rolle enn tidlegare, då feiing av skorsteinar var hovudarbeidsområde.
Dei samfunnsmessige konsekvensane av brann er alvorlege med hensyn til både personskadar og økonomisk tap. Gjennom informasjon om rett montering og bruk av fyringsanlegg og andre brannførebyggjande tiltak skal feiarfaget bidra til å førebyggja brann og anna skade. Feiarfaget kan på den måten medvirka til å sikra store samfunnsverdiar. Vidare skal faget bidra til å redusera utslepp fra fyringsanlegg, og dermed bekjempa luftforureining og hindre skader på miljøet.
Opplæringa skal utvikla lærlingen sine evner til å meistra utfordrande arbeidsoppgåver knytt til brannførebyggjande tiltak som tekniske løysingar, rømningsvegar, varslings- og slokkingsanlegg og lagring av brannfarlege produkter. Opplæringa skal leggje vekt på evna til å kommunisere med kundar og kollegaer og bidra til å fremja tverrfagleg samarbeid. Hensyn til helse, miljø og tryggleik skal spela ei sentral rolle i arbeidet med faget. Vidare skal opplæringa stimulera til kreativitet, nyskaping og faglig oppdatering, både innan ny teknologi og produktutvikling. Opplæringa skal og utvikla lærlingen sin evne til å arbeida nøyaktig og sjølvstendig etter teikningar. Den skal leggjast slik til rette at lærlingen vert dyktig i å følga gjeldande regelverk og prosedyrar, og utviklar evna til å planleggje, vurdera og dokumentera eige arbeid.
Etter fullført og bestått opplæring får ein svennebrev. Yrkestittel er feiar.
Grunnleggjande dugleik
Grunnleggjande ferdigheiter er integrert i kompetansemåla der dei bidrar til utvikling av og er ein del av fagkompetansen. I feiarfaget er grunnleggjande ferdigheter følgjande:
- Å kunne uttrykkja seg munnleg og skriftleg i feierfaget inneber å kunne kommunisera med kundar og ulike samarbeidspartnarar, og å kunne diskutera og vurdera faglege løysingar og arbeidsprosessar. Det inneber å kunne rapportera og dokumentera eige arbeid.
- Å kunne lesa i feierfaget inneber å kunne finna fram i relevant informasjon i faglitteratur og aktuelle lovar og forskrifter. Det inneber å kunne forstå og bruka spesifikasjonar, teikningar, produktbeskrivelsar og arbeidsbeskrivelsar.
- Å kunne rekna i feiarfaget inneber å kunne berekna volum, mengd, størrelsar, kostnadar og ressursbruk. Det inneber å kunne ta mål, bruka målestokk etter målsatte teikningar og gjer berekningar knytt til fyringsteknikk og ulike branntekniske løysingar.
- Å kunne nytta digitale verkty i feiarfaget inneber å kunne bruka dei i samband med planlegging, produksjon, dokumentasjon, kvalitetssikring og kommunikasjon. Det inneber òg bruk av digitale reiskapar til måling, bekning og teikning.