Av:
Ingunn Varanes
Publisert:
24.10.2011 14:51
Oppdatert:
28.10.2011 10:08
Planta kan verte så dominerande at den både konkurrerar ut andre artar og er til hinder for ferdsel på vatn, for bading og fiske. Planta kan også danne matter på vassoverflata, og m.a. redusere kvaliteten på drikkevatn. Vasspest er naturleg utbreidd i Nord- Amerika, men har spreidd seg raskt i Europa dei siste hundre åra. Smal vasspest vart registrert i Noreg for fyrste gang i 2006, då i eit vatn i Hå kommune i Rogaland.
Vasspest har eit stort spreiingspotensiale. Ein liten plantedel på nokre få cm kan vere nok til etablering av ny bestand. Derfor er det viktig at alle båtar, kanoar og liknande som vert brukt i Ådlandsvatnet vert ausa heilt tomme, vaska reine for plantedelar og grundig tørka før dei ev. vert nytta andre stadar. Alt av utstyr, klede, tauverk og fiskereiskap må vaskast for plantedelar og tørkast grundig før det vert nytta andre stadar.
Artane vanleg og smal vasspest har potensiale til å verte eit så stort problem at det er vedtatt ei eiga forskrift for dei. Forskrifta forbyr import, utsetjing, omsetjing og hald av både vasspest og smal vasspest. Etter naturmangfaldlova er alle forplikta til å ta omsyn til naturen, deriblant å unngå spreiing av framande artar som vasspest.
Det er planlagd ei nærare vurdering av førekomsten av smal vasspest i Ådlandsvatnet. Ein vonar at utbreiinga er så avgrensa at det kan setjast i verk tiltak for å utrydde arten på staden.