Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Deltakarane i prosjektgruppa
Av:  Nina Sørli
Publisert:  29.04.2010 10:30
 
Oppdatert: 10.11.2010 12:13

Språkstimulering i barnehagen

I Stord kommune har fem barnehagar delteke i eit prosjekt om språkmiljø og språkstimulering i barnehagen. Det har gitt resultat.

– Norske og internasjonale studier syner at det språklege fundamentet som vert lagt i småbarnsalderen har mykje å seia for borna si sosiale meistring og seinare læring.

Det seier barnehagekonsulent i Stord kommune, Sonja Sangolt. Ho peikar også på at arbeid med språkstimulering både er framheva i rammeplan for barnehagen, strategiplan for kompetanseheving for barnehagesektoren frå (KUD), og i fleire Stortingsmeldingar.

Atle Bjørn Mæhle har vore fagleg rettleiar i prosjektet. Han understrekar mellom anna kor viktig det er at barnehagen legg det fysiske miljøet til rette slik at personalet kan gi barna allsidige språklege erfaringar.

– Det er også viktig at personalet har god kompetanse om språkutvikling og om språk. Då kan barnehagen i større grad gi barna ei systematisk og god språkutvikling med utgangspunkt i det som det enkelte barnet meistrar frå før, seier Mæhle.

Lesestund i Ås barnehageBøker ute og i alle rom 

Frå hausten 2008 har to kommunale og tre private barnehagar i Stord kommune delteke i prosjektet "Språkmiljø og språkstimulering i barnehagen". Desse barnehagane har gjennomført kvar sine delprosjekt der dei har hatt fokus på språk i ulike situasjonar.

Eit overordna prinsipp  har vore at bøker alltid skal vera tilgjengelege, og dei deltakande barnehagane har fått utplassert bokkassar frå biblioteket. Det har resultert i bøker i alle rom, både ute, inne og på tur.

I følgje Sissel Halland frå Kåreviksmarka FUS barnehage, har prosjektet vore ein stor suksess.

– Resultatet er fantastisk. Leselysta snudde på ei veke, alle las for alle, og foreldre lånte bøker med heim. Å lesa ute var ein stor suksess. Me oppdaga også at ungar som vert lese for, kan meir enn andre, seier ho.

Dei deltakande barnehagane har testa ut ulike lesemetodar for å fremja leselyst, forståing og læring blant barna, nokre har sett på rombruken, medan andre har sett på organisering av barnehagen.

Viktig å få det i system

– Dette er eigentleg ikkje nytt for oss. Me har alltid drive med språkstimulering i barnehagen, men med denne prosjektsatsinga er det sett i system.

Prosjektleiar og styrar i Furuly barnehage, Ragnhild Storebø, peikar på fleire viktige grunnar til å ha fokus på språkarbeidet i barnehagen.

– Det er viktig både for språkutvikling, læring og sosial meistring. Ein annan viktig grunn er at det medverkar til sosial utjamning.       

Forpliktande plakat

Tidleg i prosjektet vart det arbeidd for å synleggjera kjenneteikn på kvalitet på språkutvikling i barnehagen.  

– Me ville finna område me ville bli betre på, og deretter måla resultata opp mot desse kjennteikna, fortel Storebø.

Kjenneteikna prosjektgruppa kom fram til vart til ein plakat med dei fire hovudområda rom, haldningar, handlingar og organisering. Frå hausten 2010 må alle dei kommunale barnehagane forhalda seg til plakaten og ta inn punkta i den daglege praksisen. Dei private barnehagane står fritt til å velja om ei vil ta plakaten i bruk.

Plakaten: Språkutvikling i barnehagen - Kjenneteikn på kvalitet     

Brosjyre til foreldra

Prosjektgruppa har også laga ein brosjyre mynta på foreldre. Den inneheld tips til korleis ein kan arbeida med språkstimulering saman med barna sine. Brosjyren er tilgjengeleg i papirutgåve i Kundetorget, ved helsestasjonane, NAV, biblioteket og i barnehagane. 

Last ned brosjyren Korleis stimulera til god språkutvikling hos barn  

Hovudmåla i prosjektet

  • Barna skal ha eit språkstimulerande miljø i barnehagen som gir best mogleg grunnlag for vidare utvikling intellektuelt, sosialt og emosjonelt.
  • Dei tilsette i barnehagane på Stord skal ha kunnskap om språkutviklinga hos barn i førskulealder, og kunnskap om korleis dei kan skapa eit språkstimulerande miljø.
  • Ein skal vurdera om Stord kommune bør ha ein samanhengjande plan for barnehage og skule.

Bildene:

Øvst: 
Frå venstre:
Ragnhild Storebø, prosjektleiar, styrar i  Furuly barnehage
Sissel Halland, styrar i Kåreviksmarka FUS barnehage
Helena Kvarme, styrar i Tjødnalio barnehage
Aud JorunnVedøy og Marit Kristine Dommersnes, styrarassistent og pedagogisk leiar i  Ås barnehage
Atle Bjørn Mæhle, rettleiar for prosjektet, Stord kommune
Sonja Sangolt, prosjektansvarleg og barnehagekonsulent i Stord kommune
Hilde Grindevik, pedagogisk leiar i Sæ barnehage  

Nedst:
Lesestund i Ås barnehage (foto: Ås barnehage)

 

   

Kontakt Stord kommune

Sentralbord / fax: 53 49 66 00 / 01

E-post: post@stord.kommune.no

Nettprat med kundetorget (9-15)

Kundetorget i rådhuset er ope

08:00-15:30

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM