Av:
Nina Sørli
Publisert:
06.02.2012 14:17
Oppdatert:
06.02.2012 15:00
UKM (Ungdommens Kulturmønstring) er eit nettverk av små lokale festivalar der ungdom kan delta med alle slags kulturuttrykk. kvar kommune sender kvalifiserte ungdommar vidare til ei fylkesmønstring som representantar for sin kommune. Kvart fylke sender i neste omgang ca. tretti deltakarar til den nasjonale UKM-festivalen i Trondheim i slutten av juni.
På årets lokalmønstring på Stord deltok ungdommar frå kommunane Stord, Bømlo, Tysnes og Fitjar. Ni av desse kvalifiserte seg til deltaking på fylkesmønstringa i Grieghallen i april.
Desse ni er vidare til fylkesmønstringa for Hordaland:
Musikk
- Evolver, sjanger funkrock (Stord)
- Simen Ervik, sjanger progressive rock (Stord)
- Tre unge seilere, sjanger blues (Bømlo)
- Ambis Treblåsensemble, sjanger Lullaby/klassisk (Bømlo)
- Elin Skorpen, sjanger singer/songwriter (Tysnes)
- Ingvild Oma, sjanger pop/ballade (Fitjar)
Fotografi
- Frida Thorkildsen Solhaug, sjanger foto (Stord)
Dans
- Thea og Veslemøy, sjanger moderne (Stord)
Anna på scena
- Fridar Malmsten Stenkopf, rockeringar m.m. (Stord)
Her kan du sjå klipp frå framføringane til nokre av dei som gjekk vidare: