Totalbudsjettet vårt for 2011 var på kroner 1 036 938 000, og av dette fekk me eit overforbruk på 3,45 millionar, noko som utgjer 0,33 prosent.
Sjølve drifta av kommunen går i pluss, driftseiningane har eit positivt resultat på 5,2 millionar kroner. Det betyr at kommunestyret sitt innsparingskrav på 33 millionar kroner frå den ekstraordinære budsjettrevisjonen våren 2011 er passert med god margin.
– Her er gjort ein fantastisk innsats i einingane, seier ordførar Liv Kari Eskeland.
God skatteinntekt
Kommunen hadde i fjor ei særs god skatteinntekt, heile 16,4 millionar kroner betre enn budsjettert. Dette kompenserer likevel berre så vidt for ei svikt i avkastinga på kraftsalsfondet på 9,4 millionar og negativt avvik på renteinntekter og –utgifter på 3,3 millionar.
– Situasjonen på finansmarknaden slår inn i kommunerekneskapen og medverkar til at me dessverre hamnar på feil side av streken, seier rådmann Magnus Mjør.
Elles har kommunen eit negativt avvik på pensjon på 5,5 millionar kroner, ved at det såkalla premieavviket vart mindre enn budsjettert. Det er og ein svikt i momskompensasjon på nær 3 millionar kroner.
Investeringar
Investeringsrekneskapen vert i hovudsak ført i dei to føretaka Stord kommunale eigedom KF og Stord vatn og avlaup KF. Dei største investeringsprosjekta i kommunen utanom føretaka har vore kjøp av Ådland studentheim, utbetring Jensanesvegen, IT-investeringar, trafikksikring/vegutbetring og diverse utstyr.
Stord kommunale eigedom har investert for ca 74 millionar kroner i 2011, der hovudprosjekta har vore ferdigstilling av dei kommunale bustadane for vanskelegstilte/utviklingshemma, ny gravplass (kjøp av areal), rehabilitering av garderobar Vikahaugane, oppsetting av brakke på Sæbø gard (dagtilbod), ny kjølar til skeisebanen og diverse andre mindre prosjekt.
Stord vatn og avlaup har investert for ca 26,3 millionar kroner i 2011. Hovudprosjekta har vore VA anlegg Jensanesvegen, Åsbanen (nytt bustadfelt), Sandbrekko (Sponavik), Hybelsneset , Holevegen, Prestlio, avlaup Fjellgardane, Hovedvassledning frå vassverket til Presthaug samt diverse mindre prosjekt og utstyr.