Av:
Karin Steinsvåg
Publisert:
26.08.2009
Foto: Tor Resser
Oppdatert:
23.09.2011
Sjuande og åttande møte: 13.06.11 - 19.06.11 i Shrewsbury og Stafford England.
Vigdis, Ingelin og Karin vitja Barnfields Primary School og St mary`s Church of England Primary School.
Me fekk blant anna vere med på undervisninga i klasseromma.
Delta på foreldremarked og sjå og høyre flott underhaldning av barna på Barnfields Primary.
Me fekk og sjå ein spesialskule og ein "grønn skule".
Sjette møte: 08.03.11 - 13.03.11 i Trodlahaugen barnehage, Stord, Norge.
Gjestane fekk oppleve korleis ein friluftsbarnehage blei organisert - gjennom vitjing på leirplassen til Villvettene.
Informasjon og synfaring i flotte Sagvåg skule.
Tur inni og flott informasjon av rallarar i Litlabø Gruvene (bilde).
Kald dagstur til Bergen, men gjestene opplevde det positivt.
Vitjing i rådhuset i Fitjar og omvisnig i området.
Ikkje minst møte med magisk samling i Trodlahaugen barnehage, møte med barn , personalet og foreldre.
Elles mykje sosialt på kveldstid med personalet i barnehagen
Femte møte: 23.11.10 - 28.11.10 i i Bad Oeynhausen, Tyskland.
Vigdis, Frøydis og Hildegunn vitja Grundschule Eidinghausen.
Der fekk dei vere med på undervisning på skulen, delta på eit eldprosjekt, vitje fleire julemarked, sjå opera om Hans og Grete og delta på workshop på eit glassverk og tur til Gernheim.
Elles var det mykje sosialt, god mat og utveksling av erfaringar.
Fjerde møte: 08.06.10 - 13.06.10 i Trodlahaugen barnehage, Stord, Norge.
Gjestane våre fekk delta i turar med dei ulike aldersgruppene i barnehagen. Dei fekk oppleve ein annan måte å bruke naturen på, og dei var overraska og imponert over måten me jobba på.
Dei opplevde glade barn som var tillitsfulle.
Dei var tilstade på marknaden, der det spesielt blei kommentert at ein var overaska over at så mange fedre kunne ta fri frå jobb for å delta i arrangementet.
Dei fekk tur til Bremnes Seafood og til Historisk museum på Avaldsnes.
Elles var det sosialt samver med personalet i barnehagen.
Andre og tredje møte: 15.03.10 - 21.03.10 i Shrewsbury og Stafford, England.
Vigdis, Ingrid og Brit Anna vitja Barnfields Primary School og St mary`s Church of England Primary School.
Fyrste møte: 29.09.09 - 04.10.09 i Bad Oeynhausen, Tyskland:
Berit, Gunnhild, Anita og Vigdis vitja Grundschule Eidinghausen i Bad Oeynhausen.
Tema er dei fire elementa.
Rektor Heike Anger og staben hennar hadde lagt opp til eit variert program.
Me fekk ta del i undervisninga på skulen. Opplevingar og erfaringar i høve dei ulike elementa, t.d. tur til ein steinpark, ein klatrepark, eit "vil vite" senter og ro dragebåtar.