Av:
Karin Steinsvåg
Publisert:
13.03.2009
Oppdatert:
05.03.2012
Foreldremedverknad
Foreldra har auka høve til medverknad. Den daglege kontakten er grunnlaget for å bygga opp eit tillitsforhold som gir eit godt samarbeid mellom foreldra og personalet. Arbeidet i barnehagen skal ta utgangspunkt i ein grunnleggande respekt for foreldra sin kompetanse som foreldre, og den rett og det ansvar dei har for å oppdra barna sine på den måten som er riktig i høve til deira tradisjonar, normer og vurderingar. Foreldra er dei som best kjenner barnet og familien sin kvardag, og dei har kjennskap til og informasjon om barnet sitt som er uunverleg for personalet. Samarbeid mellom heim og barnehage påverkar barnet sin kvardag direkte, og det er viktig at foreldra og personalet gir seg tid til dette. Det vil innverke på barnet sin trivsel og utvikling, slik sett er barnet sine rettar vår felles interesse.
For å sikre samarbeid med barna sin heim, har barnehagen eit foreldreråd og eit samarbeidsutval.
Foreldrerådet
Alle foreldre/føresette som har barn i barnehagen.
Samarbeidsutvalet 2011 - 2012