Av:
Hallbjørg S. Eide
Publisert:
27.01.2012 13:39
Oppdatert:
27.01.2012 13:43
Me har hatt ein våt og kald vinter, og me ser at me treng eit bedre samarbeid for at barnet dykkar skal ha glede av , og få positive opplevingar med å vera ute i leik og på tur.
Ute er me kvar dag, uansett ver og vind.
Det er ikkje barnehagen sitt ansvar å følgje opp at barna har nok og rette bytteklede, og passe på at regnklede/ dressar/vottar/støvlar/støvlettar er tørre til dei skal vera ute dagen etter.
Når de som føresette ikkje tek med dykk fuktige dressar/regnklede/skotøy heim for vask og tørk, må barnet dykkar ut i fuktige, skitne og kalde klede dagen etter.
Dette er ikkje godt eller kjekt for barnet.
Me skjønner at det ikkje alltid er like lett å følge opp dette, men som dei gode omsorgspersonar de er, stolar me på at ei påminning om kva konsekvens valet dykkar får for barnet, vil føre til ei betring.
Bodskapen er:
Sjekk alltid ytterklede/skotøy/vottar m.m før de går heim. Våte kle må de ta med heim og tørke. Kleda/skotøy heng tett i garderoben, og tørkar difor seint. Bruk av tørkeskap på skitne kler fører til eit dårleg inneklima, og kan difor ikkje nyttast.
”Vinteroppskrift på klede i byttekorga”:
- 2 truser
- 2 trøyer( helst ull)
- 2 longser/strømpebukser( helst ull)
- 2 par sokker
- 2 par ullsokker
- 2 bukser
- 2 stk genser (inne)
- 2 stk varme genser og bukser(ute) (ull/fleece)
- 2 par votter/hansker
- 2 luer
- 1 vinterdress m/ strikk
- 1 sett regntøy m/ strikk
Me håper at lista kan vera til hjelp, og at de enkelt har oversikt over kva barnet treng. Slik kan barnet ha gode dagar ute i friskt vestlandsver, og at det er lett og greitt å finne varme, gode bytteklede når det trengs etterpå.
Det er flott når kleda er merka med namn. De treng bare å skrive med tusj inn i lappene på kleda. Da vert det lettare å halde orden og finne dei rette korgene, både for barnet, personalet og dykk.
Me vil alltid ”barns beste”, og synes det er viktig å minne om denne problemstillinga. Saman med dykk skal me gjera vårt beste for at barnet får gode opplevingar både inne og ute kvar dag.
Skulle dykk ha spørsmål rundt dette så ta kontakt med oss!