Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Helena S. Kvarme
Publisert:  13.03.2009
 
Oppdatert: 09.08.2011

Om barnehagen

Tilbodet du får hos oss:
Tjødnalio barnehage er ein kommunal heildagsbarnehage, med 54 plasser  fordelt på to avdelingar. 

-Luren har 27 plasser for born 1-3 år.

-Storavdeling har 27 plasser er for born 3-6 år.

  • Opningstida er frå kl.06.45-16.15.
  • Me held stengt 4 veker i juli.
    Det er då høve til å søke plass i sommarbarnehagen på Skogatufto.
  • Me har 5 planleggingsdagar pr. år.
  • Me føl Stord kommune sine betalingsatsar, og tek kostpenger for mjølk.
  • Me gjev tilbod om mat, to gonger pr. mnd.  I tillegg vert det av og til laga mat i høve til ulike pedagogiske opplegg.
  • Me legg tilrette for aktivitetar og leik i smågrupper.
  • Me legg vekt på å ha ein dagsrytme og eit innhald, som er med på å fremje eit rikt språkmiljø, fellesskap, og gode leike- og læringstilhøve.
  • Me  har ei organisering som sikrar rom for konsentrasjon, ro, fellesskap, men og eigne grupperom  der borna har utstillingar frå tema og prosjekt dei jobbar med i gruppene sine.
  • Ein gong i veka har me fellessamling og leikegrupper på tvers av avdelingane.
  • Alle gruppene går på tur utanfor barnehagen sitt område minimum ein gang i veka.  Det kan vera ulike turar der borna vert  kjent i nærområdet, besøker ei bedrift eller museum.  Lengda og innhald på turane vert utvida i samsvar med gruppa si alder og modning.

Vår visjon:
Barnehagen der alle får strekkja seg så langt dei kan

Vår filosofiske forankring:

Reggio Emilia.
Er ein pedagogisk arbeidsmåte som er forankra i ei sterk humanistisk haldning som bygger på ei tru på menneska sine evner, ein djup respekt for, og ei overbevisning om at alle born vert fødd rike og intelligente med ei ibuande kraft til å utforske verden.

I Reggio Emilia filosofien vektlegg ein subjektivitet, ulikskap, solidaritet og samarbeid.  Ein trur at ved å stadfesta borna sin individualitet og rettar, på lengre sikt kan forandre verda i ei meir demokratisk retning.

Reggio Emilia er ein pedagogikk som heile tida vert fornya og utvikla med utgangspunkt i borna sine behov og i takt med samfunnet sine endringar. Reggio Emilia er ikkje eit  pedagogisk program som ein kan overta og kopiera.  Derimot kan ein bli inspirert av, og hente motivasjon og idear frå den. 

Pedagogar i Reggio Emilia søker ny kunnskap gjennom å stille spørsmål ved kjente førestillingar, utfordre det beståande og dyrke fram borna sin evne til undring, utforsking, refleksjon og nye tankar, - som dei meiner er den viktigaste læringskompetansen born i vår moderne  verden kan tilegna seg.

 

Den vaksne – den 1 pedagogen:

Den vaksne er ein viktig støttespelar for borna.  Dei skal observera borna, og vera ”tilstades”, slik at dei kan hjelpe borna vidare i si forsking og utvikling.  Dei vaksne si tenking om born får konsekvensar for korleis me legg miljøet til rette for borna.  Kva utfordringar og mogelegheiter me gir borna er avhenging av vår eigen kunnskap, kreativitet og tenking om born si utvikling.  Dokumentasjon, refleksjon og faglege drøftingar  vert viktige arbeidsmetodar.

 

 
Barnet  - Den 2 pedagogen:

Born har ulike interesser, erfaringar og bakgrunn, noko som gjev rom for diskusjonar og erfaringsutveksling.  Alle born har sterke sider på ulike områder, som dei kan utfordre eller støtte kvarandre på.  Dei kan få kvarandre til å tenke nytt – ved å reflektera kring ulike påstandar og diskutera seg fram til ei ny forståing. Når born utforskar, og prøver ut eigne hypotesar, vert dei samstundes oppfordra til å skildra si forståing gjennom eit eller fleire symbolske språk.

 

Det fysiske miljøet – Den 3 pedagog:

Organisering av det fysiske miljøet er avgjerande i Reggio Emilia filosofien.  Hovudmålet i all tilrettelegging av det fysiske læringsmiljøet, byggjer på ein tanke om at tilrettelegging av romma, og materialet speglar det barnesynet og det læringssynet som råder i barnehagen.

Kontaktinformasjon

Helena S. Kvarme - Styrar
helena.kvarme@stord.kommune.no

Hallbjørg S. Eide
 - Assisterande styrar

his.eide@hotmail.no


Kontoret:
53 40 33 76

Luren:
Tlf:  53 40 33 78

Møtesona:
Tlf: 53 40 33 72

Atelieret:
Tlf:  53 40 33 79

Tjødnalio barnehage
5410 Sagvåg

Ansvarleg redaktør:  
Helena S. Kvarme

Kontakt oss:
helena.kvarme@stord.kommune.no

 

 

Tjødnalio barnehage.

Barnehagen der alle får strekka seg så langt dei kan.