Av:
Helena S. Kvarme
Publisert:
02.10.2009
Oppdatert:
05.04.2012
På gruppa sine sider vil de finna månadsbrev, informasjon om aktivitetar og anna som det er viktig at de som føresette har kjenskap til. Informasjonen vil bli oppdatert kvar månad.
Trollgruppa er dei eldste barna i barnehagen, - dei har sitt siste år i barnehagen innan skulestart. Mange av dei har sitt 4 år i barnehagen, noko som utfrodrar oss på å leggje til rette for stimulerande og spennande opplevingar, slik at sisteåret vert fylt av mange gode erfaringar. KVA LEGG BARNA I DET Å VERA ELDST I BARNEHAGEN?
Barnehagen har ein del tradisjonelle aktivitetar som strekkjer barna og gjev dei høve til å ta val, og å få vera med å bestemma. Blandt desse er; fortsetjings bøker, toppturar, min tur, ekstra oppgåver i samband med høgtider / tilstellingar, dei får og nytta gymsalen på Tjødnalio skule ein gong i veka. Trollgruppa får trene seg i å ta ansvar, gjennom eit tett samarbeid og ei fadderordning med den yngste gruppa, Luren.
Trollgruppa har eit fast rom til samlings-stunder og andre gruppe-aktivitetar. Detter er nytt dette bruksåret og me vil vera lydhøre for barna, og korleis dei ynskjer å nytte dette rommet.
Rammeplanen legg vekt på at barnehagebarn skal få kjennskap til bruk av IKT. Dei eldste får difor jobbe kreativt med datamaskinane og fotoapparata.
|
I tillegg har me:
06.45-09.30: Felles aktivitetar + frukost.
09.30-11.00: Gruppeaktivitetar
11.00-13.00: Felles aktivitetar + frukt og lunsj.
14.00-16.15: Felles aktivitetar inne eller ute
Samling gjennomfører gruppene på grupperomma sine.
For meir detaljerte planar, sjå månadsplan for gruppa.
|