Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Ragnhild Omvik Bratseth
Publisert:  02.10.2009
 
Oppdatert: 17.08.2011

Luren informerar

På gruppa sine sider vil de finna månadsbrev, informasjon om aktivitetar og anna som det er viktig at de som føresette har kjennskap til.  Informasjonen vil bli oppdatert kvar månad. 

    
På luren er dei yngste barna mellom 1-3 år samla.  Målet vårt er at barn og foreldre raskt skal finne seg til rette hos oss, i eit trygt, godt og ope miljø.  Å begynne på Luren, kan for mange vera det fyrste steget atskilt frå foreldra eller andre kjente omsorgspersonar. 

Me ønsker at barna skal oppleve eit godt, utfordrande og spennande miljø tilrettelagt for dei yngste barna.

Maleaktivitet Trekkekort

Me jobber mykje i små grupper. Dette skaper ro og trygghet.

På Luren vert barna og foreldra godt kjent med kvarandre, personalet og romma som er tilrettelagt for denne aldersgruppa. Barna får nytte heile barnehagen t.d. i tilrettelagte aktivitetar og fellessamlingar. 

Me har eit unikt uteområde i barnehagen.  Terrenget er variert, og det gjev høve for fine og spennande turar for dei små.  Skogen og "litle bekken vår"  er stader me vil vitja gjennom året.  Me likar godt å vera ute i all slags ver, så det er viktig at barna har gode kler frå innerst til ytterst.

Undring i skogen Undring på leikeplassen

Før lunsjen har me ordensjente eller gut som delar ut matboksar og er "forsongar"  til bordverset.  Forsongar står på ein stol og syng saman med dei andre barna og dei vaksne. Me øver oss på å "stå fram" og legg vekt på at det skal vera ein naturleg del av livet.  Å finne fram bilete av ordensjenta / guten, og henge det opp på veggen, er veldig populært. 

Når me har samling får barna trekke songar, rim og reglar frå ein "trekkepose".  Me les bøker, har songleiker / dans, og snakkepakken. 

Luren samarbeider med Trollgruppa som er den eldste gruppa i barnehagen. Dette har me hatt gode erfaringar med tidlegare. Det er til god hjelp og støtte i leiken for dei minste.

Me kjem også til å samarbeide med Huldragruppa. Dei eldste Luringane vil bli knytta opp mot dei. 

For dei barna som treng ein liten kvil i løpet av dagen, kan dei sova i seng inne, eller i ei vogn ute.  De foreldre / føresette fortel oss kva barnet likar best og når det brukar å sova, så tilpasser med oss det, så langt det går.

Me legg vekt på eit ope og godt samarbeid, og set pris på både spørsmål og tankar frå dykk foreldre.  Det er i vår felles interesse å skapa eit best mogleg tilbod for barnet dykkar i Tjødnalio barnehage.

Grovplan for Luren:

 06.45-08.30: Felles aktiviteter

08.30-09.00: Frukost

09.00-11.00: Tilrettelagt aktivitet/leik

11.00-13.00: Lunsj og kviletid

13.00-13.30: Fruktmåltid og samling

14.00-16.15: Fellesaktiviteter ute/inne

 

Luren

Solveig Gjøvåg
Pedagogisk leiar

Ragnhild Omvik Bratseth
Pedagogisk leiar

Gro V. Heggøy
Fagarbeidar 

Sigrunn Nylund
Assistent

Mona Bjørnberg
Assistent

Cathrine Nylund
Støtteassistent

Telefonnr Luren:  53 40 33 78

Tips,
idear,
eller spørsmål,
kan de sende til pedagogisk leiar:

solveig73@gmail.com

eller
raom77@online.no

 

 

Tjødnalio barnehage
5410 Sagvåg

Ansvarleg redaktør:  
Helena S. Kvarme

Kontakt oss:
helena.kvarme@stord.kommune.no

 

 

Tjødnalio barnehage.

Barnehagen der alle får strekka seg så langt dei kan.