Av:
Helena S. kvarme
Publisert:
02.10.2009
Oppdatert:
05.04.2012
På gruppa sine sider vil de finna månadsbrev, informasjon om aktivitetar og anna som det er viktig at de som føresette har kjenskap til. Informasjonen vil bli oppdatert kvar månad.
Frå det året barnet fyller 3 år, tek det ikkje lenger 2 plasser. Ein konsekvens av dette, er at barnegruppa kring barnet vert større, enn det barnet er vane med frå småbarnsbasen. Dei vert i tillegg plassert saman med dei andre storgruppen på huset. For å ha ein plass å høyre til, har gruppa sitt eige baserom, derifrå har barna tilgang til alle funksjonsromma i dei tilrettelagte og frie aktivitetane. For dei fleste barna, opplever me at dette er ein spennande endring som dei gler seg til og er klare for. Barna er opne, nysgjerrige, optekne av vennskap og større utfordringar. Me er lydhøyre overfor barna, og har deira trivsel og tryggleik i fokus gjennom denne overgangen - frå små til store.
|
I tillegg har me:
06.45-09.30: Felles aktivitetar + frukost.
09.30-11.00: Gruppe aktivitetar
11.00-13.00: Felles aktivitetar + frukt og lunsj.
14.00-16.15: Felles aktivitetar inne eller ute
Samling gjennomfører gruppene på grupperomma sine.
For meir detaljerte planar, sjå månadsplan for gruppa.
|