Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Helsepersonell set vaksinesprøyte på pasient.
Av:  Stord kommune
Publisert:  31.03.2009
Innhold sist oppdatert: 27.03.2012 18:51:27
Oppdatert: 10.05.2012

Vaksinar

Kommunehelsetenesta har plikt til å tilby vaksinasjon mot smittsame sjukdomar. I tenesta inngår:

  • Barnevaksinasjon til alle born i før- og grunnskulealder.
  • Reisevaksinasjon og rådgiving før utanlandsreiser.
  • Årleg sesonginfluensavaksinasjon til personar som er særleg utsette.

Målgruppe

Innbyggjarane i kommunen. Nokre vaksinar blir i første rekkje gitt til personar som er særleg utsette.

    Vilkår

    Nasjonalt folkehelseinstitutt fastset retningslinjene for kva for personar/grupper som skal få tilbod om dei ulike vaksinane:

    • Barnevaksinasjon får ein på helsestasjonen og i skulehelsetenesta. Den startar vanlegvis når barnet er 3 månader gamalt og følgjer det nasjonale barnevaksinasjonsprogrammet.
    • Tilbodet om reisevaksinasjon og råd om vaksinar før utanlandsreiser blir gitt av helsetenesta i kommunen. Type vaksine blir bestemt ut frå reisemål, smittesituasjon, kor lenge reisa varer, type reise, helsetilstand og tidlegare vaksinasjonsstatus.

    Nærståande tenester

    Rettleiing

    For grunnvaksinering av born skal du kontakte helsestasjonen.

    Søknadsskjema

    Søknadsfrist

    Saksbehandling

    Klage

    Har du søkt helse- og omsorgstenester frå kommunen, kan du klage på avgjerda (etter pasient- og brukerrettighetsloven):

    • Fristen for å klage er fire veker frå du tok imot vedtaket.
    • I klaga beskriv du kva forhold du klagar på og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
    • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar.
    • Dersom vedtaket ikkje blir endra, kan du klage til Fylkesmannen.

    Du kan også klage på sjølve utføringa av helsetenesta du får: 

    • Send klaga til den instansen som yter tenesta, slik at ein har høve til å løyse saka på lågaste nivå.
    • Dersom klaga blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, kan du klage til Helsetilsynet i fylket.

    Kontaktinformasjon

    Helsestasjonen osv

    Annan informasjon

    Pris:
    Du må betale ein eigendel for somme vaksinar. Grunnvaksinen for born er gratis.

    Prisliste for vaksinasjon

    Søkeord

    smittevern, difteri, kikhoste, polio, meslingar, kusma, raude hundar, livmorhalskreft, hepatitt B, BCG,DTP, Hib, PKV, DT, MMR, HPV, reisevaksine, kolera, marlaria, rabies, tyfus, gulfeber

    Kontakt Stord kommune

    Reisevaksinasjon

    Bestill time i god tid før avreise! 

    Timebestilling

    Måndag, tysdag, onsdag: tlf. 53 49 66 86

    Torsdag og fredag kun etter kl. 12.00:
    Tlf. 913 87 659

    Leiande helsesøster Sigrun Helland

    Tlf. 53 40 33 90 eller 957 76 434

    E-post: sigrun.helland@stord.kommune.no

    Besøksadresse

    Lønningsåsen 9B, Leirvik, 5417 Stord

    Postadresse

    Postboks 323
    5402 Stord

     

     

     

     

     

    Stord kommune
    Rådhuset, Borggata 2
    Postboks 304
    5402 Stord
    Kontonummer: 6519 05 13070
    Kommunenr. 1221
    Org.nr: 939866914

    Telefon: 53 49 66 00
    Telefaks: 53 49 66 01
    E-post: post@stord.kommune.no
    Organisasjonskart - adm
    Kultur- og verdiplakat

    Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

     

    Nettstadkart

    Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
    Nettredaktør: Nina Sørli
    Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


    Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM