Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
19.05.2011 10:02:31
Oppdatert:
10.05.2012
Transportteneste for funksjonshemma (TT-ordninga)
Transporttenesta skal gi funksjonshemma som er avhengige av dør-til-dør-transport, eit tilbod for at dei skal ha høve til å delta i aktivitetar i nærmiljøet på lik linje med andre. TT-ordninga skal berre brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapeut eller andre reiser som blir dekte av folketrygda.
Vilkår
Personar som på grunn av si funksjonshemming vanskeleg kan nytte seg av det ordinære kollektivtilbodet i kommunen.
Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å skrive søknaden. Legefråsegn må følgje søknaden.
Dersom ein annan søkjer i din stad, må vedkomande ha fullmakt.
Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist, kommunen handsamar søknadar fortløpande. Søknadsskjema finn du på Hordaland Fylkeskommune sine sider
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Søkeord
TT, transport, teneste, funskjonshemma, rørslehemma, bil, sjuketransport, lege, besøk, reise