Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
27.03.2012 18:49:23
Oppdatert:
10.05.2012
Støttekontakt
Støttekontakt er ei teneste som skal hjelpe den einskilde til meiningsfull fritid. Tenesta vil omfatta sosialt samvær og følgje til ulike fritidsaktivitetar som er basert på den einskilde sine ønskje, behov og føresetnader.
Målgruppe
Støttekontakt er ei teneste som er retta mot personar og familiar som har behov for bistand til meiningsfull fritid. Det kan være barn,unge og vaksne med psykiske vanskar, yngre og eldre funksjonshemma, familier med samansette problem og rusmiddelmisbrukarar.
Vilkår
For å få støttekontakt, må ein fylle vilkåret i sosialtenestelova §4-3. Vilkåret omfattar personar som ikkje kan ha omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk bistand eller personleg hjelp for å greie dagleglivets gjeremål. Fyller ein vilkåret i sosialtenestelova har ein krav på sosialtenester og det vil være opp til kommunen å fastsette korleis hjelpebehovet skal dekkes. Støttekontakt etter sosialtenestelova § 4-2c kan bli tildelt som ei enkeltteneste eller i lag med andre omsorgstenester for å stetta brukaren sitt behov for bistand på eit forsvarleg nivå.
Rettleiing
Du kan kontakte Kundetorget for å få hjelp til å søkje, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkomande ha fullmakt.
Søknadsskjema
Du finn søknadsskjema for tenesta i informasjonsboks oppe til høgre på denne sida.
Søknadsfrist
Søknadene vert handsama fortløpande
Saksbehandling
Kundetorget tek stilling til og avgjer søknaden. Søkjaren, eventuelt verje eller nærmaste pårørande vert kontakta av sakshandsamar for å kartleggja bistadsbehovet.
Tildeling av tenester skjer etter individuell og fagleg vurdering. Søkjar vil få tilsendt skriftleg vedtak.
Du har rett til innsyn i dokumenta som vedkjem di sak. Du kan ta nærmare kontakt med Kundetorget dersom du ønskjer dette.
Klage
Du har rett til å klaga på enkeltvedtak. Klagefristen er 3 veker frå du har motteke melding om vedtak. Eventuell klage skal sendast Kundetorget. Dersom du ønskjer det, kan du få hjelp til å skrive klage i Kundetorget.
For vedtak etter Sosialtenestelova er det Fylkesmannen i Hordaland som er klageinstans.
Søkeord
avlasting, stønad, kontakt, fritid, hjelp, samvær, aktivitet, omsorg