Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
16.12.2010 10:25:21
Oppdatert:
10.05.2012
Spesialundervisning i grunnskulen
Elevar som ikkje har eller ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. Spesialundervisninga skal ha eit slikt innhold at det samla tilbodet gir eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa. Elevar som får spesialundervisning, skal ha det same totale undervisningstimetalet som gjeld for andre elevar.
Målgruppe
Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.
Vilkår
Før kommunen gjer vedtak om spesialundervisning, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei spesielle behova som eleven har. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod ein bør gi.
Samarbeidspartnarar
Pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta).
Departementet skal sørgje for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for spesialundervisning.
Rettleiing
Eleven eller foreldra/føresette kan krevje at skulen gjer dei nødvendige undersøkingane for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og eventuelt kva for opplæring eleven treng.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Søkeord
spesial, undervisning, skule, barn, ungdom, elev, læring, tilrettelagd, tilpassa, opplæring, tilbod, TO, ITO, pedagogisk-psykologisk, teneste