Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
27.03.2012 18:48:15
Oppdatert:
10.05.2012
Sjukeheimar - langtidsopphald
Tenesta gjeld fast plass på sjukeheim
Målgruppe
Dei som ikkje får dekt sitt daglege behov for pleie og omsorg i heimen eller i ein omsorgsbustad.
Vilkår
Søkjaren må ha behov for langtidsplass på sjukeheim.
Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om langtidsopphald på ein sjukeheim, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det.
Dersom ein annan søkjer i din stad, må vedkomande ha fullmakt.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Klage
Har du søkt helse- og omsorgstenester frå kommunen, kan du klage på avgjerda (etter pasient- og brukerrettighetsloven):
- Fristen for å klage er fire veker frå du tok imot vedtaket.
- I klaga beskriv du kva forhold du klagar på og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar.
- Dersom vedtaket ikkje blir endra, kan du klage til Fylkesmannen.
Du kan også klage på sjølve utføringa av helsetenesta du får:
- Send klaga til den instansen som yter tenesta, slik at ein har høve til å løyse saka på lågaste nivå.
- Dersom klaga blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, kan du klage til Helsetilsynet i fylket.
Søkeord
sjukeheim, avlasting, opphald, rehabilitering, lang, omsorg, tid, hjelp, avgrensa, pleie, alder, sjukdom