Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
27.03.2012 18:47:33
Oppdatert:
10.05.2012
Sjukeheimar - avlastingsopphald
Avlastningsopphald i sjukeheim er eit opphald der formålet er å avlaste frivillig omsorgsyter. Den som har behov for omsorg, får eit tidsavgransa opphald i sjukeheimen.
Det er ulike måter å organisere avlastning på og andre tenester kan i tillegg ha avlastande effekt. Omfanget av avlastninga vil variere frå time til døgnbasis; alt etter behov. Avlastingstiltak kan også bli gjennomført i eigen heim. Kommunen legg vekt på å finne fram til hensiktsmessig og individuelle tiltak i samråd med brukar og omsorgsytar.
Målgruppe
Avlasting er retta mot dei som har særleg tyngande omsorgsarbeid. Avlastningsopphold i sjukeheim blir nytta til eldre brukarar.
Vilkår
For å få avlasting , må ein fylle vilkåret i sosialtenestelova §4-3. Vilkåret omfattar personar som ikkje kan ha omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk bistand eller personleg hjelp for å greie dagleglivets gjeremål. Avlastingsopphald er ei teneste etter sosialtenestelova § 4-2b.
Omsorgsarbeidet må ha eit visst omfang for at det skal bli vurdert som særleg tyngjande. I vurderinga legg kommunen vekt på følgjande:
- om søkjaren arbeider mange timer pr mnd med omsorgsarbeid
- om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg
- om omsorgsarbeidet medfører mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvnen
- korleis omsorgsarbeidet er fordelt over tid
- om omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie/fritid
- om søkjaren har omsorg for meir enn ein person
- om omsorga klart overstig vanleg omsorg for barn på same alder
Rettleiing
Du kan kontakte Kundetorget for å få hjelp til å søkje ,eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkomande ha fullmakt.
Søknadsskjema
Du finn søknadsskjema for tenesta i informasjonsboks oppe til høgre på denne sida.
Søknadsfrist
Søknadene vert handsama fortløpande
Saksbehandling
Kundetorget tek stilling til og avgjer søknaden. Søkjaren, eventuelt verje eller nærmaste pårørande vert kontakta av sakshandsamar for å kartleggja bistandsbehovet.
Tildeling av tenester skjer etter individuell og fagleg vurdering. Søkjar vil få tilsendt skriftleg vedtak.
Du har rett til innsyn i dokumenta som vedkjem di sak. Du kan ta nærmare kontakt med Kundetorget dersom du ønskjer dette.
Klage
Du har rett til å klaga på enkeltvedtak. Klagefristen er 3 veker frå du har motteke melding om vedtak. Eventuell klage skal sendast Kundetorget. Dersom du ønskjer det, kan du få hjelp til å skrive klage i Kundetorget.
For vedtak etter Sosialtenestelova er det Fylkesmannen i Hordaland som er klageinstans