Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  25.02.2009
Innhold sist oppdatert: 07.02.2012 13:50:22
Oppdatert: 10.05.2012

Serveringsløyve

Løyvet gjeld etablering og drift av serveringsstader der det skal vere servering av mat og/eller drikke, og der tilhøva ligg til rette for servering av mat og drikke på staden.

Løyvet gjeld etablering og drift av alle serveringsstader der det føregår servering av mat og/eller drikke, og der tilhøva ligg til rette for fortæring av mat og drikke på staden.

Målgruppe

Personar som driv, eller vil driva, serveringsstad el. verksemder.

Vilkår

For å driva ein serveringsstad i Stord Kommune, må ein ha serveringløyve. Styrar av serveringsstad må ha gjennomført ein etablerarprøve.

Mattilsynet set visse krav til serveringslokalet.

Før kommunen kan gje serveringsløyve, må det liggja føre uttale frå:

  • kommunalt bygningsmynde
  • kommunalt brannstell
  • skatteoppkrevjaren i kommunen
  • fylkesskattefuten
  • politiet
  • mattilsynet

 

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Lover

Lov om serveringsverksemd

Forskrift om etablerarprøve for leiar av serveringsverksemd

Rettleiing

Det krevst skriftleg søknad

Søknadsskjema

Les rettleiinga før du fyller ut søknadsskjema. Der står det m.a. kva for vedlegg som må følgja søknaden. Lenke til søknadsskjema finn du øvst til høgre på denne sida. Du kan også få søknadsskjema i Kundetorget i Rådhuset på Leirvik.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadssfrist, men nye serveringsstader må ikkje starta opp verksemda før serveringsløyve er gitt. Søknadar blir behandla etterkvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Søknaden blir avgjort ved administrativ behandling i Kundetorget, i følgje Rådmannen sitt delegasjonsreglement, etter at alle nødvendige vedlegg og fråsegn ligg føre.

Klage

I følgje serveringslova §27 er det høve til å klaga på vedtaket om serveringsløyve innan 3 veker frå vedtaket vert motteke. Fylkesmannen er klageinnstans. Klagen skal sendast til Kundetoget i Stord kommune.

Kontaktinformasjon

Kundetorget
v/ Ingebjørg Vik eller Solveig Huse Furevik
Telefon: 53 49 66 00
E-post: kundetorget@stord.kommune.no
Besøksadresse: Rådhuset, Borggata 2
Postadresse: Postboks 304, 5402 Stord

Annan informasjon

Etablerarprøve kostar kr 300,-

Søkeord

bedrift, servering, sal, dagleg leiar, drift, planleggjing, etablerar, etablering, vandel, prøve, test, bevis, løyve, verksemd, hotell, pensjonat, pub, restaurant, dansestad, kiosk, bensinstasjon, gatekjøken, take-away, kunnskap, økonomistyring, lover, mattilsynet, mat, bygningsvesen

Kontaktinformasjon

Kundetorget

v/ Ingebjørg Vik eller Solveig Huse Furevik

Telefon

53 49 66 00
53 49 66 01 (Fax)

E-postadresse

kundetorget@stord.kommune.no

Nettprat

Prøv også vår nettprat (man-fre 9-15)

Besøksadresse

Rådhuset
Borggata 2

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM