Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
16.12.2010 10:17:12
Oppdatert:
10.05.2012
Salsløyve
Salgløyvet gjeld for sal og utlevering av alkoholhaldig drikk med høgst 4,7 % alkohol (tilsvarar øl). Løyver blir gitt for maksimum fire år om gangen. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at den instansen som gir løyve, er underretta om dette, og at det blir søkt om nytt løyve så snart som mogleg og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.
Målgruppe
Firma eller personar som ønskjer å drive sal og utlevering av alkoholprodukt med høgst 4,7 % alkohol kan søkje om salsløyve.
Vilkår
Sal av alkoholhaldig drikk kan berre skje på grunnlag av løyve etter alkohollova. Det krevst god vandel. Løyvehavaren skal utpeike ein styrar og ein fullmaktshavar som er knytte til salsstaden. Styraren og fullmaktshavaren må begge ha greidd kunnskapsprøva om alkohollova. Kunnskapsprøva blir gjennomført i kommunen. Begge personane må vere over 20 år, dei må arbeide i verksemda, og dei må oppfylle dei krava som er sette i alkohollova. Løyvet blir tildelt etter skjøn.
Påmelding til prøve hos sakshandsamar.
Samarbeidspartnarar
- securitas
- Lensmannen
- byggesaksavdeling
- brannvern
Rettleiing
Det krevst skriftleg søknad. Kommunen vil kunne hjelpe til med søknaden.
Endringar i løyve kan skje fleire gonger i løyveperioden, til dømes ved skifte av styrar og fullmaktshavar for løyvet, endringar i driftskonsept eller endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Melding om endring skal sendes til kommunen, som fattar nytt vedtak.
Søknadsskjema
Søknad om salsløyve
Kva skal følgja søknaden?:
- firmaattest
- skatte/avgiftsattest frå kommunen og frå skattefogden i fylket
- teikningar av salslokalet
- kopi av leigekontrakt
- driftskonsept
- tilsetjingskontrakt
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart.
Det er likevel viktig å vera merksam på at salsløyve vert gitt for 4 år om gongen. Når det nærmar seg slutten av ein løyveperiode, må også dei som har løyve, søkjar på ny.
Saksbehandling
Etter at søknaden er komen oss i hende, vil sakshandsamaren henta inn uttale frå dei kommunale bygningsstyremaktene, brannstellet, mattilsynet og frå lensmannen.
Det er formannskapet som avgjer søknaden. I sommerferien er det vanleg at kommunestyret gir ordførar fullmarkt til å gjera vedtak på vegner av formannskapet.
Du får svar på søknaden straks formannskapet har handsama søknaden.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Kontaktinformasjon
Kundetorget
v/ Ingebjørg Vik eller Solveig Huse Furevik
Telefon 53 49 66 00
E-post: kundetorget@stord.kommune.no
Besøksadresse: Rådhuset, Borggata 2
Annan informasjon
Det må svarast gebyr for salsløyvet. Gebyret blir fastsett for eitt år om gongen, på grunnlag av forventa omsett mengd alkoholhaldig drikk. Løyvehavar betalar forskotsgebyr på grunnlag av det forventa gebyret. Minimumsgebyr er kr 1 200 for sal av øl.
Søkeord
bedrift, alkohol, sal, dagleg leiar, styrar, innbytar, drift, planleggjing, kunnskap, vandel, løyve, verksemd, øl, økonomi, utlevering, firma, butikk, alkohollova, mat