Reguleringsplan er eit arealplankart med tilhøyrande føresegner som seier noko om bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader.
Kommunestyret sørgjer for at det blir utarbeidd reguleringsplan for dei områda i kommunen der dette følgjer av lova eller av arealdelen av kommuneplanen, samt der det elles er behov for å sikre forsvarleg avklaring og gjennomføring av byggje- og anleggstiltak, fleirbruk og vern i forhold til private og offentlege interesser.
For gjennomføring av større byggje- og anleggstiltak, og andre tiltak som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, krevst det reguleringsplan. Løyve for slike tiltak kan ikkje bli gitt før det ligg føre reguleringsplan. Krav til reguleringsplan gjeld ikkje for konsesjonspliktige anlegg for produksjon av energi etter energilova, vassressurslova eller vassdragsreguleringslova.
Reguleringsplan skal utarbeidast i samanheng med arealdelen av kommuneplanen eller som eigen planprosess.
Reguleringsplan skal utarbeidast som områderegulering eller detaljregulering.
Områderegulering:
Områderegulering skal brukast av kommunen der det er krav om slik plan i arealdelen av kommuneplanen, eller når kommunen finn at det er behov for å gi meir detaljerte områdevise avklaringar om arealbruken.
Områderegulering skal utarbeidast av kommunen. Kommunen kan likevel overlate til andre etatar og private å utarbeide forslag til områderegulering.
Detaljregulering:
Detaljregulering skal brukast for å følgje opp arealdelen av kommuneplanen, eventuelt dersom det er eit krav i den vedtekne områdereguleringsplanen. Detaljregulering kan skje som utfylling eller endring av vedtatt reguleringsplan.
Detaljregulering er ein plan for bruk og vern av mindre område, og for utforming, bruk og vern av bygningar, uterom og anlegg. Detaljregulering er planforma for gjennomføring av utbyggingsprosjekt og tiltak, vernetiltak og sikring av ulike typar verdiar. Den erstattar tidlegare detaljert reguleringsplan og utbyggingsplan.
Detaljregulering kan gjerast av kommunen og private forslagsstillarar.