Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
16.12.2010 10:10:05
Oppdatert:
10.05.2012
Parkeringsløyve for rørslehemma
Parkeringsløyve blir gitt til bilførarar eller passasjerar som har særleg behov for parkeringsletter knytta til bustad, arbeid og annan aktivitet. Ein får til vanleg løyve for 2-5 år.
Parkeringsløyve gir rett til å parkere på offentleg skilta og reserverte parkeringsplassar utan betaling av avgift og utan å følgje den lengste fastsette parkeringstida (dersom det ikkje er gitt melding om anna).
Målgruppe
Personar som ikkje kan gå, eller som har store vanskar med å forflytte seg over ei viss lengd.
Vilkår
- Parkeringsløyvet er meint som eit hjelpemiddel for personar som grunna vesentleg nedsett forflytningsevne, har eit særskild behov for parkeringslette.
Parkeringsløyvet er ikkje meint som ei økonomisk støtteordning. Det at det vert gjeve økonomiske fordeler (t.d. gratis parkering på offentlege parkeringsplassar med avgift og gratis passering i bomringar) til personar som har parkeringsløyve, er ikkje noko som skal virke inn på handsaminga av søknaden.
- Legeerklæringa er berre meint som det medisinske grunnlaget for å vurdera behovet for parkeringslette og er ikkje noko dokumentasjon på at søknaden vert innvilga. Det er likevel av stor betydning at legen fyller ut alle punkta nøye.
Det er i sjølve søknaden at De må få fram opplysningar som tilseier at De har særleg behov for parkeringslette. I søknadsskjemaet er det teke inn ulike tilhøve som vi ønskjer svar på.
Søknader kan først handsamast når vi har fullstendige opplysningar om Dykkar særlege behov for parkeringslette.
Rettleiing
Kommunen kan kontaktast for hjelp til å søkje om parkeringsløyve. Søknadsskjema får ein enten på kommunen sine internettsider eller ved å kontakte servicesenteret i kommunen.
Søknadsfrist
Det er ingen søknadsfrist.
Saksbehandling
Stord kommune ved Kundetorget handsamar søknadane fortløpande.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Søkeord
parkering, bil, løyve, flyttingshemma, funksjonshemma, løyve, passasjer, bilførar, moped, motorsykkel