Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
17.04.2012 14:54:14
Oppdatert:
10.05.2012
Oppretting av grunneigedom i matrikkelen
Ved oppretting av ny grunneigedom blir eit areal av ein eksisterande eigedom oppmålt og gjeve eit eige gards- og bruksnummer. Den nye eigedomen blir registrert i matrikkelregisteret ved tinglysing, og samstundes registrert i eigedomskartet.
Oppretting av ny grunneigedom er søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova.
Ein del mindre areal kan grensejusterast direkte utan at saka først treng handsamast av reguleringsavdelinga. Det er opp til kommunen å vurdera kva saker som ikkje treng handsamast etter Plan- og bygningslova.
Målgruppe
Søknad om oppretting av ein matrikkeleining kan fremjast av:
- den som har grunnboksheimel som eigar av grunneigedom, anleggseigedom
- den som ved rettskraftig avgjerd frå domstolane er kjend som eigar eller festar, eller er tilkjend rett til å krevje at eit bestemt grunnstykke eller anlegg blir oppretta som eiga matrikkeleining
- den som lovleg har teke over grunn eller anlegg ved oreigning (ekspropriasjon)
- den som har innløyst festegrunn etter føresegnene i lov om tomtefeste.
Vilkår
Søknad om løyve til tiltak skal sendast inn ved:
- oppretting av grunneigedom eller anleggseigedom
- oppretting av festegrunn for meir enn 10 år
- overføring av areal frå éin eigedom til éin annan.
Rettleiing
Søknad om løyve til tiltak må fremjast skriftleg.
Det skal nyttast Byggblankett 5154 Søknad om løyve til tiltak. I tillegg skal Statens kartverk sin blankett 705880 Rekvisisjon av oppmålingsforretning (søknadspliktige tiltak etter pbl. 20-1 bokstav m) fyllast ut og leggjast ved søknaden.
Nabovarsel (blankett nr. 5154) sendast til dei berørte naboer etter naboliste. Det leggjast ved ei kartskisse som viser grensene.
Utfylt gjenpart av nabovarsel med kvittering (blankett nr. 5155) må leggjast ved søknaden. Forsida av gjenparten skal vere identisk utfylt som dei nabovarslar som er send eller delt ut til naboane. På gjenparten si kvitteringsside kan det anten nyttast personleg kvittering, eller kvittering frå postverket for rekommandert sending.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Søkeord
eigedom, tomt, oppmåling, kjøp, sal, tomtefeste, tinglysing, grunneigar, frådeling, utskiljing, landmåling, grenser, tomtedeling, oppmålingsforretning