Matrikkelen er det offisielle registeret over fast eigedom, med bygningar, bustader og adresser.
Før noko kan førast inn i matrikkelen, må det som hovudregel gjennomførast ei oppmålingsforretning.
Dette går ut på å kartleggje og omtale nærmare grenser og rettar til fast eigedom, og gi nødvendig dokumentasjon for matrikkelføringa, jf. matrikkellova § 33.
Kommunen er oppmålingsetat og har ansvaret for å gjennomføre oppmålingsforretningane.
Landmålaren som har oppmålingsforretninga, går opp grensene i marka saman med dei partane det gjeld. Landmålaren kan gjere mindre justeringar av eksisterande grense dersom partane ønskjer det. Er det tvil om kvar eksisterande grense faktisk går, er det mogleg å la landmålaren avgjere dette som valdgiftsdomar.
Det skal førast protokoll frå oppmålinga og skrivast ut eit matrikkelbrev som inneheld grensepunkta og eit kart.
Desse tiltaka krev oppmålingsforretning før matrikkelføring:
- ny grunneigedom, ny anleggseigedom, ny festegrunn eller nytt jordsameige
- umatrikulert grunneigedom eller umatrikulert festegrunn
- opplysningar om arealoverføring, grensejustering og klarleggjing av eksisterande grense
- eigarseksjon som omfattar uteareal, eller nytt eller endra uteareal til eksisterande eigarseksjon.
Oppretting og arealoverføring av grunneigedom, festegrunn og anleggseigedom er søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslova, jf. pbl. § 93 h. Rekvisisjon av oppmålingsforretning er då ein del av søknaden.
Grensejustering, grensepåvising, matrikulering av umatrikulert grunn, matrikulering av jordsameige og oppmåling av uteareal for eigarseksjonar er ikkje søknadspliktige. Rekvisisjon av oppmålingsforretning skal sendast inn utan at søknaden treng vere send på førehand.
Oppmålingsforretning er ikkje nødvendig for å matrikkelføre samanslåing, referanse til avtale om eksisterande grense, eller fastsetjing av samla fast eigedom, jf. matrikkellova §§ 18, 19, 20.