Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
03.02.2009 15:45:42
Oppdatert:
10.05.2012
Melding til barnevernet
Ei melding til barneverntenesta er informasjon om at eit barn kan ha det vanskeleg. Det krevst ikkje at personen som melder saka, har observert det som meldinga refererer til, men vedkomande bør kunne identifisere kjelda til informasjonen. Eit rykte blir ikkje rekna som ei melding. Barneverntenesta skal:
- leggje bort meldinga dersom det er klart at ho byggjer på feil grunnlag.
- starte undersøking dersom det er rimeleg grunn til å tru at det er behov for hjelpetiltak.
- leggje bort meldinga dersom vilkåra i lova ikkje er oppfylte.
Målgruppe
Privatpersonar eller offentlege instansar. Offentlege instansar har opplysningsplikt til barnevernet dersom dei har grunn til å tru at barn blir utsette for grov omsorgssvikt.
Vilkår
Du kjenner til at eit barn har vanskelege leveforhold.
Rettleiing
Ei melding til barneverntenesta kan vere skriftleg eller munnleg, over telefon eller ved personleg oppmøte. Ho kan også vere anonym.
Klage
- Etter at barneverntenesta har fatta vedtak om korleis meldinga skal behandlast, kan ein ikkje klage på vedtaket.