Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
27.03.2012 18:45:00
Oppdatert:
16.05.2012
Ledsagerbevis
Ledsagerbeviset er eit kort som blir skrive ut til den funksjonshemma. Ei rekkje institusjonar og arrangørar av til dømes, idrettsarrangement tilbyr gratis tilgang eller billett til nedsett pris til ledsageren, mot at den funksjonshemma viser fram ledsagerbeviset. Bruksområdet for ordninga blir stadig utvida.
Ordninga gjeld også for visse transportmiddel.
Meir informasjon om ordninga.
Denne logoen finst på stader der dei aksepterer ledsagerbevis.

Målgruppe
Personar med psykisk utviklingshemming
Personar som har ei psykisk liding
Personar med samansette/andre funksjonshemmingar
Vilkår
- Det må liggja føre eit tydeleg behov for følgje, støtte og tilsyn
- Vurderinga byggjer på opplysningar underlagt teieplikt som søkjar gjennom å søkjar gjev aksept til
- Ordninga er ikkje knytt til om søkjar er trygda
- Ledsagerbeviset skal fungera som eit virkemiddel for å førebyggja sosial isolasjon og for å auka livskvaliteten
- Ledsagerbeviset vert tildelt uavhengig av kor ofte det er aktuelt å gjera seg bruk av kultur- og fritidstiltak
- Søkjar må vera fylt 8 år
Samarbeidspartnarar
Offentlege og private arrangørar av arrangement og nokre hotell og transportselskap.
Rettleiing
Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til å søkje om medfølgjarbevis
Elektroniske skjema med rettleiing finn du i rubrikken til høgre.
Passfoto skal følgje søknaden.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etterkvart som dei kjem inn.
Klage
Har du søkt helse- og omsorgstenester frå kommunen, kan du klage på avgjerda (etter pasient- og brukerrettighetsloven):
- Fristen for å klage er fire veker frå du tok imot vedtaket.
- I klaga beskriv du kva forhold du klagar på og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar.
- Dersom vedtaket ikkje blir endra, kan du klage til Fylkesmannen.
Du kan også klage på sjølve utføringa av helsetenesta du får:
- Send klaga til den instansen som yter tenesta, slik at ein har høve til å løyse saka på lågaste nivå.
- Dersom klaga blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, kan du klage til Helsetilsynet i fylket.
Annan informasjon
Medfølgjarbevis blir utskrive gratis. Den funksjonshemma kjøper sjølv ordinær billett, og kan ta med seg medfølgjaren gratis der medfølgjarbeviset blir akseptert.
Søkeord
funksjonhemma, medhjelpar, bevis, stønad, teneste, søknad