Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
16.12.2010 08:53:37
Oppdatert:
10.05.2012
Løyve for skjenking av alkohol
Gjeld tildeling av skjenkjeløyve for alkoholhaldig drikke. Løyvet blir gitt for høgst fire år om gongen. Løyvet fell bort når verksemda som har fått løyvet, blir overdratt til andre. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at det styringsorganet som har innvilga løyvet, har fått melding om dette, og at det blir søkt om nytt løyve så snart som mogleg, og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.
Målgruppe
Skjenkjeløyve kan søkjast av personar eller verksemder som ønskjer å drive sal av alkoholhaldig drikke for drikking på staden.
Vilkår
Alle som driv ein serveringsstad som serverer alkoholhaldig drikke, må ha skjenkjeløyve. Det er eit krav om at det også må liggje føre eit serveringsløyve.
Det krevst god vandel.
Løyvehavaren må utpeike ein styrar og ein nestleiar som er tilsett ved serveringsstaden. Styraren og nestleiaren må begge ha greidd kunnskapsprøva om alkohollova og må vere over 20 år, og dei må oppfylle krava i alkohollova (og i serveringslova).
Løyve blir tildelt etter ei skjønnsmessig vurdering.
Samarbeidspartnarar
- Vaktselskap som har avtale om å utføre skjenkjekontroll (mange kommunar nyttar ikkje vaktselskap, men har eigne kontrollørar)
- Lensmann/politi (skal uttale seg om vandelen til søkjaren og til sentrale personar)
- Mattilsynet (kontrollerer hygienen i lokala, spesielt kjøkken- og toalettforhold)
- Skatte- og avgiftsstyresmaktene (skal kontrollere / uttale seg om at løyvehavaren rettar seg etter skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivninga)
Rettleiing
Det krevst skriftleg søknad. Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til å søkje om skjenkjeløyve.
Endringar i løyve kan skje fleire gonger i løyveperioden, til dømes ved skifte av styrar og nestleiar for løyvet, endringar i driftskonseptet eller endringar i eigarforholdet. Slike endringar krev ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Melding om endring skal sendast til kommunen som fattar nytt vedtak.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Søkeord
Alkohol, skjenkjing, løyve, pub, restaurant, drink, vin, øl, brennevin, champagne, sjampanje, utestad, diskotek, hotell, pensjonat, servering, dansestad