Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  25.02.2009
Innhold sist oppdatert: 27.03.2012 18:44:05
Oppdatert: 10.05.2012

Individuell plan

Ein individuell plan er eit verkemiddel for å oppnå koordinerte tenester tilpassa individuelle behov.

Ein slik plan skal:

  • bidra til at tenestemottakaren får eit heilskapleg, koordinert og tilpassa tenestetilbod

  • kartleggja tenestemottakaren sine mål, ressursar og behov for tenester på ulike område.

  • styrkja samhandlinga mellom tenesteytar og tenestemottakar og evt pårørande, og mellom tenesteytarar og einingar/instansar.

Målgruppe

Tenestemottakarar med behov for langvarige og koordinerte helse- og/eller sosialtenester.

Vilkår

Vilkår for å få innvilga individuell plan er at ein har behov for langvarige og koordinerte helse- og/eller sosialtenester.

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Rettleiing

Alle som ønskjer individuell plan kan venda seg til ein av følgjande stader:

  • Kundetorget 
  • NAV kommune 
  • Sosial og førebyggjande tenester v/ førebyggjande helse

Her kan ein få informasjon om individuell plan og få hjelp til å søkja. Desse tre stadene vil handsama søknadene og utnemna koordinator i samråd med søkjar. Koordinator vil vera ein namngitt tilsett i kommunen som skal sikra kontinuitet i arbeidet med individuell plan. 

Det skal leggjast stor vekt på tenestemottakar eller (hjelpe)verje sitt ynskje når det gjeld kven som skal vera vedkommande sin koordinator, innhald i planen og anna.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Klage

Ein kan klaga på retten til individuell plan (dvs. ved evt. avslag) eller på at planen ikkje oppfyller krava til innhald som følgjer av forskrifta. 

Individuell plan gir ikkje juridiske rettar til tenester i seg sjølv. Desse vert styrt av enkeltvedtaka.

Kontaktinformasjon

Annan informasjon

Søkeord

helse, sosial, teneste, koordinering, plan, individuell, hjelpeapparat, tilretteleggjing, pasient, hjelp, psykisk, fysisk, psykiatri

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM