Av:
Stord kommune
Publisert:
30.11.2010
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert:
15.05.2012
Stord kommune sitt kulturstipend
Arbeids- og utdanningsstipend på min. kr. 20 000 kan kvart år delast ut til kulturarbeidarar og kunstnarar med tilknyting og forankring til Stord kommune.
Heile summen kan gjevast til ein person, eller delast. Føresetnaden for stipendet er at det til ei kvar tid vert stilt pengar til disposisjon på budsjettet. Det er Komité for næring, miljø og kultur som deler ut stipendet.
Stipendet kan søkjast til bestemte arbeidsoppgåver, til studiereiser og til utdanning. Komiteen for næring, miljø og kultur kan og tildela stipend på eige initiativ og/eller etter framlegg frå andre.
Komiteen for næring, miljø og kultur kunngjer søknadsfristen i lokalpressa og under "Kunngjeringar" på denne nettstaden.
Stipendiaten sender ei kort melding til komiteen om korleis stipendet er nytta.
NB! I 2012 er det ikkje sett av midlar til kulturstipend.
Søknadsskjema for kulturstipendet