Av:
Stord kommune
Publisert:
30.11.2010
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert:
30.11.2010
Stord kommune sin målpris
Målprisen skal delast ut til den butikk/verksemd som merkjer seg ut med god nynorsk i staden for bokmål og engelsk.
Prisen vert delt ut samstundes som kulturpris og kulturstipend ved ei tilskiping i november.
Komiteen for næring, miljø og kultur nemner opp ei målprisnemnd med to representantar frå Stord mållag og to representantar for komiteen. Målprisnemnda vert oppnemnd for ein valbolk. Kulturtenester er sekretær for nemnda.
Målprisnemnda syt for å få inn framlegg til kandidatar og innstiller til komiteen for næring, miljø og kultur som gjer vedtak.