Av:
Stord kommune
Publisert:
30.11.2010
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert:
30.11.2010
Stord kommune sin eldsjelpris
Eldsjelprisen er oppretta for å stimulera til frivillig arbeid i Stord kommune. Prisen vert delt ut samstundes som kulturpris og kulturstipend ved ei tilskiping i november.
Kven kan få eldsjelprisen?
Prisen kan gjevast til ein person eller eit lag/ein organisasjon for langvarig og tru teneste eller for nyskaping innanfor frivillig arbeid i Stordsamfunnet. Prisen er eit kunstverk og ei skriftleg grunngjeving for tildelinga.
Forslag og tildeling
Komiteen for næring, miljø og kultur kunngjer fristen for innmelding av kandidatar i lokalpressa. Forslagsfrist 15. september. Komiteen for næring, miljø og kultur tildeler prisen etter framlegg frå ei nemnd samansett av 2 representantar frå Frivilligsentralen, 1 frå Idrettsrådet ,1 frå Musikkrådet og 1 frå komiteen. Kulturtenester er sekretær for nemnda.