Av:
Stord kommune
Publisert:
20.08.2009
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert:
26.11.2010
Skjenkeløyve - fast
Serveringsstader som har eit tydeleg restaurantmessig preg m.o.t. innreiing og interiør, kan søkja om skjenkeløyve for øl, vin og brennevin. Kantinar/kafeteriar på arbeidsplassar og kafear/kafeteriar i eller ved kjøpesenter vil ikkje kunna få skjenkeløyve.
Målgruppe
For å få skjenkeløyve for brennevin, må serveringsstaden vera ein spiserestaurant. I dette omgrepet ligg krav om høgare standard m.o.t. innreiing og interiør, og like eins krav om dagleg tilbod av varm mat og middag frå ei variert menyliste - produsert ved eige kjøken.
Vilkår
Løyvehavar, styrar og reservestyrar for skjenkeløyvet må fylla alkohollova sine krav vedrøyrande vandel, jfr. §§ 1-7b og 1-7c. Vedkomande må dokumentera kunnskap om alkohollova gjennom kunnskapsprøve.
Rettleiing
Søknad på fastsett skjema, firmaattest av ny dato, skatte/avgiftsattest frå kommunen og frå skattefogden i fylket, planskisse og skjenkelokalet over skjenkeloklet, driftskonsept, leigeavtale og tilsetjingskontakt.
Søknadsfrist
Ingen søknadsfrist. Det er likevel viktig å vera merksam på at skjenkeløyve blir gitt for 4 år om gongen. Når det nærmar seg slutten av ein løyveperiode, må også dei som har løyve, søkja på ny.
Saksbehandling
Søknaden blir handsama straks det ligg føre nødvendige vedlegg og fråsegn frå lovpålagte høyringsinstansar.
Det er formannskapet som avgjer søknaden. I sommarferien er det vanleg at kommunestyret gir ordførar fullmakt til å gjera vedtak på vegner av formannnskapet.
Behandlingstid: maksimum 60 dagar.
Svar får du innan: straks formannskapet har avgjort søknaden
Klage
Du har rett til innsyn i dokument som vedkjem di sak. Du har også rett til å klaga på enkeltvedtak som er gjort av Stord kommune. Innan 3 veker frå vedtaket vart motteke.
Kontaktinformasjon
Stord Kommune
Kundetorget ved Ingebjørg Vik eller Solveig Huse Furevik
Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Tlf 53 49 66 00
epost: kundetorget@stord.kommune.no
Annan informasjon
Gebyr blir fastsett for eitt år om gongen på grunnlag av forventa omsett mengd alkoholhaldig drikk. Løyvehavar skal betala forskotgebyr på grunnlag av dette forventa gebyret. Minimumsgebyr: Kr. 3 500,-.