Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Kursinstruktør og kursdeltakar øvar på brannsløkking.
Av:  Stord kommune
Publisert:  09.09.2009
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 20.05.2011

Kurs og opplæring

Investering i tryggleik er utan tvil den beste investeringa me kan gjera. Spørsmålet et ikkje kva det kostar, men kva me kan spara.

Kvart år døyr mellom 60 og 80 menneske i brann i Noreg. Brannar kostar det norske samfunnet fleire milliardar kroner kvart år. Talet for 2008 var 4,7 milliardar. For å bidra til å redusera desse tala, vil ei av Stord Brannvern sine viktigaste førebyggande oppgåver vera informasjons- og motivasjonstiltak retta mot innbyggarane i vår kommune.

Stord Brannvern  har personell med høgt kunnskapsnivå når det gjeld brannvern. 

Pris

  • Undervisning for barn på dagtid er gratis
  • Opplæring i grendelag og velforeninger kr. 1000,- 
  • For andre,  etter avtale 

Målgruppe

Grendalag, velforeiningar, private verksemder og kommunale einingar, skular og barnehagar.

Tema knytt til brannvern blir spesialtilpassa etter kunden sitt eige ynskje.

Stord brannvesen arrangerer også brannverneleiarkurs for brannvernleiarar.  

Vilkår

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Lover

Rettleiing

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

Kontaktinformasjon

Annan informasjon

Søkeord

Grendelag og velforeiningar

Me kan tilby "gratis" brannvernopplæring til grendelag og velforeiningar. Stord Brannvern  stiller gratis, men me må be om å få dekka utgifter til materiell med kr. 1000,- per kurs.

Me ynskjer å tilby ei opplæring med enkel informasjon om dei mest vanlege brannårsakene, og kva som kan gjerast for å unngå dei. Me vil visa kor enkelt eit branntilløp kan stoppast berre ein har litt trening og kan bruka det ein måtte ha for handa. Dei som tar del i denne opplæringa vil, om dei ynskjer, få prøva ulike metodar for å sløkka brann, m.a. med pulver, skum, vatn og ullteppe.

Opplæringa tar inntil 2 timar og det kan,om ynskjeleg, bli gjennomført etter vanleg arbeidstid, fram til kl. 20.00. Dette kan og vera eit fint høve for naboar og venar til å koma saman til sosialt samvær og i tillegg betra branntryggleiken i lokalmiljøet.

Private verksemder og kommunale einingar

Stord Brannvern  kan tilby skreddarsydde kurs innan brannvern til alle typar verksemder. Opplæringa blir tilpassa den enkelte verksemd ut i frå dei behov og ynskjer som verksemda har. Kursa kan kjørast lokalt i den enkelte verksemd eller på Stord brannstasjon. Me er konkurransedyktige på pris og våre instruktørar har høg kompetanse.

Nokre døme på kurs

  • sløkkjeøvingar (bruk av forskjellige sløkkjemiddel)
  • brannteori  ( kvifor brenner det og kva skjer når det brenner)
  • grunnopplæring  ( generelt brannvern(brannteori og sløkkjeøvingar)
  • evakueringsøvingar ( med eller utan kunstig røyk)
  • varme arbeid + re -sertifikering
  • brannvern leiarkurs


Ta kontakt for ein uforpliktande prat om moglege løysingar og eventuelt prisoverslag.

Aktuelle einingar

Kontaktinformasjon

Kontaktpersonar

Jan Ove Anthun


Telefon
975 52 053

Epostadresse
jan.ove.anthun@stord.kommune.no


Åge Aadland

Telefon
975 52 052

Epostadresse
age.aadland@stord.kommune.no

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM