Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  25.02.2009
Innhold sist oppdatert: 16.12.2010 09:25:47
Oppdatert: 10.05.2012

Fyrverkeri – handel og oppbevaring

Det krevst løyve frå kommunen for å drive handel med fyrverkeri og til å oppbevare det. Løyve til oppbevaring blir gitt av kommunen for mengder til og med 250 kg netto eksplosiv vare. For større mengder blir løyve gitt av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Målgruppe

Den som ønskjer å selje fyrverkeri klasse II og III.

Vilkår

  • Verksemda skal utpeike ein kompetent person over 20 år og ein eventuell ansvarleg avløysar  som har dokumenterte kunnskapar og politiattest, og som skal vere til stades under salet.
  • Verksemda må drive handelsverksemd med fast utsalsstad og må leggje fram firmaattest frå Føretaksregisteret.
  • Utsalsstaden må minst oppfylle dei krava som gjeld til ei kvar tid i byggjeforskriftene, og må i tillegg oppfylle ei rekkje andre tryggleikskrav.
  • Sal og utlevering blir ikkje tillatt inne i kjøpesenter eller nærmare enn 25 m frå bensinstasjonar.  
  • Sal til forbrukar kan berre skje i perioden 27. til 31. desember, og skal skje i handelslokale, over disk og av dei tilsette.
  • Fyrverkeri som blir selt i Noreg, skal vere godkjent. Godkjenning blir gitt av Norges branntekniske laboratorium på vegner av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Det skal vere påtrykt eit godkjenningsnummer som omfattar bokstavane NBL, etterfølgt av ei talkode. Godkjenninga skal sikre at fyrverkeriet opptrer som forventa ved bruk og ikkje gjer skade på personar og eigedom.

Samarbeidspartnarar

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Nærståande tenester

Rettleiing

Særskilt søknadsskjema er utarbeidd av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar.
  • Klageinstans er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Før klaga blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka sendast til Fylkesmannen for klagebehandling.
  • Det blir sendt tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga enten frå DSB eller frå kommunen.

Kontaktinformasjon

Annan informasjon

Søkeord

pyroteknisk vare

Aktuelle einingar

Kontaktinformasjon

Kontaktperson
Jan Ove Anthun

Telefon
975 52 053

Epostadresse
jan.ove.anthun@stord.kommune.no

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM