Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
03.02.2009 15:32:22
Oppdatert:
10.05.2012
Fellingsløyve
Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. Fellingsløyve for hjort vert tildelt godkjende vald (det geografiske området for jakta) utan årleg søknad. For småvilt - unntatt bever - krevst ikkje fellingsløyve.
Vald som disponerer eit vist tal fellingsløyve kan utarbeide ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for jakt på hjort. Kommunen skal godkjenne planen og gir i så fall eit samla fellingsløyve for heile planperioden. I Stord kommune er Stord hjortevald godkjend som storvald.
Målgruppe
Grunneigarar/jaktrettshavarar.
Vilkår
Det må ligge føre ei godkjenning av vald for hjort. Kommunen fastset forskrift om minsteareal som er det arealet som grunneigaren må disponere for å få fellingsløyve for eitt dyr. Minstearealet i Stord kommune er 750 daa.
Jakttida er frå 10. september til og med 15. november. Fylkesmannen kan, etter søknad frå kommunen, vedta å utvida jakta fram til 31. januar.
Nærståande tenester
Ettersøk
Stord kommune har avtale med Stord ettersøkslag om ettersøk etter påkøyrd hjort. Ettersøk i forbindelse med jakt vert kosta av det enkelte valdet, kommunen formidlar kontakt mellom valda og ettersøkslaget. For 2009 er prisen 200 kr per tildelte løyve.
Rettleiing
Det skal ikkje søkjast om fellingsløyve. Kommunen skriv ut eit årleg fellingsløyve og sender det til valdansvarleg representant innan 15. juni.
Søknadsfrist
Godkjenning/ endring av vald 15. mai
Melding om endringar i vald (grenser, eigedomsforhold, teljande areal etc.) 1. april
Godkjenning av bestandsplan 15. mai
Søknad om ekstra fellingsløyve 1. mai
Klage
Du kan klage på talet på dyr du har fått fellingsløyve for (og det aktuelle arealet som ligg til grunn for dette) innan ein frist på tre veker frå du mottok løyvet.
Klaga sender du til den instansen som har fatta vedtaket. I klaga skal du opplyse om kva du ønskjer endra i vedtaket, og grunngi dette. Kommunen vil kunne gi deg rettleiing.
Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen. Før klaga blir send, skal den instansen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom du ikkje får medhald fullt ut, vil saka gå vidare til klageinstansen.
Annan informasjon
Pris:
Kommunen fastset fellingsavgift for hjort. Fellingsavgifta for hjort på Stord er for 2009 kr 330,- for vaksne dyr og kr 200,- for kalv.