Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  25.02.2009
Innhold sist oppdatert: 03.02.2009 15:31:59
Oppdatert: 10.05.2012

Farleg avfall

Kommunen skal sørgje for at det finst mottak for farleg avfall frå hushald og verksemder med mindre mengder farleg avfall. Farleg avfall er avfall som ikkje kan handterast saman med anna hushaldsavfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller skade på menneske og dyr.

Døme på farleg avfall frå hushald er:

  • Reingjeringsmiddel som inneheld farlege stoff
  • Oppladbare batteri (finst eiga returordning) 
  • Maling, lim, lakk, løysemiddel og sprayboksar som inneheld farlege stoff
  • Asbesthaldige materiale 
  • PCB-haldige isolerglasruter (finst eiga returordning ) 
  • Impregnert trevirke
  • Ulike elektroniske og elektriske produkt (finst eiga returordning)

Når du leverer farleg avfall, så sørg for at emballasjen er tydeleg merka med opplysningar om innhaldet.

Målgruppe

Hushald og verksemder.

Vilkår

Kommunen si plikt avgrensar seg til å motta inntil 400 kg farleg avfall per år per avfallseigar. I tillegg har kommunen plikt til å motta inntil 500 kg PCB-haldige isolerglasruter per år per avfallseigar.

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste, sjå avfallsforskrifta kap. 11. Vedlegg 1 til kapittel 11 definerer kva for avfallstypar som er farleg avfall.

Avfallsforskriften

Rettleiing

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

Kontaktinformasjon

Annan informasjon

Pris:
For hushhald er det gratis å levere farleg avfall sidan kostnader knytta til dette skal dekkjast over renovasjonsavgifta. Verksemder må betale gebyr ved levering av avfallet.

Nærståande tenester:
Renovasjon

Søkeord

gjenbruk, gjenvinning, renovasjon, avfall, miljøsanering, resirkulering, retur, avfallshandtering, rehabilitering, riving, ombygging

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM