Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
01.02.2012 10:44:54
Oppdatert:
10.05.2012
Etablerarprøva
Etablerarprøva skal sikre at ansvarlege for ein serveringsstad har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgiving som har noko å seie for drifta. Kommunen er ansvarleg for å gjennomføre og rette etablerarprøva.
Målgruppe
Dagleg leiar i verksemder som har eller søkjer om serveringsløyve.
Vilkår
For å få serveringsløyve må dagleg leiar av staden ha greidd etablerarprøva (dette er ikkje det same som kunnskapsprøva etter alkohollova) og ha god vandel. Etablerarprøva er ei fleirvalsprøve. Det blir sett av 90 minutt for elektronisk svar på prøva. Kandidatar som leverer svaret på papir, får i tillegg 10 minutt til å overføre svara til kolonnene på framsida av prøva. For å greie prøva må 40 av 50 svar vere rette.
Rettleiing
Etablerarprøva blir halden i kommunen. Opplysningar om kunnskapskrav får ein i kommunen. Det krevst gyldig legitimasjon ved oppmøte for å ta prøva.
Kr 300,- per prøve. Ein betalar avgifta på førehand og tar med kvitteringa på prøvedagen.
Læremateriell er heftet "Læremateriell til etablererprøven for serveringsvirksomhet". Dette heftet kan tingast frå:
VINN
8512 Narvik
tlf. tlf. 76 96 72 00
fax 76 96 72 01
e-post: firmapost@vinn.no
Meir om lærematerialet finn du på www.vinn.no
På nettstaden www.etablerer.no er det høve til å delta på gratis etablerarkurs
Klage
Det er ikkje høve til å klage på utfallet av prøva, men prøva kan takast om igjen.
Kontaktinformasjon
Det er Kundetorget som organiserer Etablerarprøva. Ta kontakt for å avtala tid:
Stord kommune
Kundetorget
Telefon 53 49 66 00
Fax 53 49 66 01
e-post: kundetorget@stord.kommune.no
Besøksadresse: Rådhuset, Borggata 2
Søkeord
bedrift, etablering, eksamen, servering, alkohol, sal, økonomistyring, oppstart, dagleg leiar, drift, planleggjing, kunnskap, vandel, prøve, test, bevis
etablerarprøven, etablererprøven