Av:
Stord kommune
Publisert:
15.06.2011
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert:
21.12.2011
Dagtilbod for personar med hukommelsestap
Dagtilbodet er eit dagtilbod for heile kommunen for personar med hukommelsestap, og er for tida plassert i Sævarhagen. Tenesta er administrert av Heimebaserte tenester.
Brukarane blir henta av personale frå dagtilbodet eller andre tilsette i området.
Det er 3 personar som er tilsette ved dagtilbodet, og brukarane kan få hjelp ved måltid, toalettbesøk og medisinutdeling. Trivnaden er stor, og det har vore mange positive tilbakemeldingar.
Me har dagtilbod: tysdag, onsdag, torsdag og fredag.
Dagprogram
- Frukost kl 10.00
- Middag kl 13.00
Utan om dette er det høgtlesing, bingo o.l. I tillegg er det og turar i det fine området.
Lokale
Lokalet er i avlastningsbustaden i Sævarhagen. Lokala er tillaga for rullestolbrukarar, men bilen er ein vanlig personbil.
Søkja om dagtilbod
Søknad om plass skal sendast til Kundetorget. Det kan søkjas om ein eller fleire dagar i veka. Har de spørsmål, kan de ringa avd.leiar. Heimebaserte tenester Randi Huglen tlf 53 40 67 37 eller einingsleiar Britt Sørensen Dalsgård tlf. 53 40 67 33.
Søknadsskjema