Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
10.02.2012 10:45:11
Oppdatert:
10.05.2012
Dagmamma - godkjenning
Det krevst godkjenning frå kommunen for å vere dagmamma for tre barn eller fleire, og ein må kunne tilby regelmessig opphald på vekebasis for 10 timar eller meir.
Verksemda skal ta omsyn til barna si helse og trivselen deira. Det blir mellom anna stilt krav til:
- utforming og innreiing av lokala
- høve til aktivitet og kvile
- reingjering og vedlikehald
- inneklima
Målgruppe
Personar som ønskjer å starte dagmammaverksemd.
Samarbeidspartnarar
Foreldre som ønskjer dagmamma for barnet sitt, har nytte av å vite om ei aktuell dagmamma er godkjend av kommunen, og eventuelt vere pådrivar for å framskaffe ei slik godkjenning.
Rettleiing
Kommunen kan kontaktast for nærmare informasjon om godkjenning.
Søknaden bør innehalde ei kort utgreiing om korleis verksemda vil etterleve dei ulike føresegnene i forskrifta.
Skattereglar for dagmammaer.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Søkeord
barn, barnepass, barnehage, barnepark, etablering, barnehageplass, godkjenning av dagmamma