Av:
Stord kommune
Publisert:
25.02.2009
Innhold sist oppdatert:
27.08.2010 10:32:04
Oppdatert:
10.05.2012
Bustønad
Bustønad er ei statleg stønadsordning som blir administrert av Husbanken og kommunen. Bustønad kan du søkje dersom husstanden din har låge inntekter og høge buutgifter. Det blir stilt visse krav til husstanden og til bustaden. Ordninga er behovsprøvd.
Målgruppe
- Personar over 18 år, eller har eigne barn som bur i bustaden
- Personar folkeregistrert og loveleg busett i Noreg
- Personar som har godkjent bustad etter §4 og sjølv bur i den.
Vilkår
Krav til bustaden:
- er godkjent for heilårs bruk
- er ein sjølvstendig bustad med eigen inngang og
- har eige bad og toalett og gir høve til kvile og matlaging
Rettleiing
Det må sendast skriftleg søknad om bustønad. Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til å søknaden.
Kommunen tek imot søknadene, registrerer dei og opprettheld kontakten med søkjaren. Husbanken gjer det formelle vedtaket.
Informasjon om bostøtteordninga
Søknadsfrist
Søknadsfristen følgjer reglane til Husbanken:
Det er frå og med september 2007 innført månedlege vedtak og utbetalingar i bustønadssaker. Søknadsfristen er den 14. i kvar månad og eventuell utbetaling skjer månaden etter.
Dersom du får innvilga bustønad for ein termin (månad), blir bustønadssaka automatisk kopiert vidare med mindre du har flytta. Sjå elles tidsplanen under.
Termin: Månadleg
Søknadsperiode*): 1. i kvar månad
Søknadsfrist: 14. i kvar månad
Utsending av vedtak: ca. 10. i månaden etter
*) Husstands- og bustadsopplysningar blir lagde til grunn per situasjonsdato når bustønaden blir utrekna.
Ved flytting må alle i husstanden vere busette og registrerte i Folkeregisteret seinast på søknadsdatoen. Vedtak om pensjon/trygdeytingar må vere fatta før søknadsdatoen.
Klage
- Klagen skal sendast via Servicekontoret i kommunen innan tre veker frå vedtaket vart mottatt.
- Alle klager blir behandla av Husbanken (ved det respektive regionkontoret).
- Klagen må vere skriftleg. Hugs alltid å oppgi kva for termin det gjeld, namn, adresse, fødselsnr. og bustadskommune.
- Klagen må innehalde dei opplysningane du meiner har noko å seie for saka.
- Klagen skal underteiknast.
- Behandlingstida er for tida to til fire månader.
- Saksbehandleren i kommunen kan hjelpe deg å klage.
Søkeord
bustad, tilskot, husbanken, buutgifter, trygd, barnefamilie, flyktningar, trygda, vanskelegstilt, stønadsordning, sosialhjelp, gjeldsrådgiving