Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  25.02.2009
Innhold sist oppdatert: 10.02.2012 12:25:06
Oppdatert: 10.05.2012

Barnehage - godkjenning

Før ein barnehage blir sett i drift, skal han godkjennast av kommunen.

Barnehageeigaren pliktar å drive verksemda i samsvar med gjeldande regelverk, både med omsyn til pedagogisk innhald, helse, miljø og tryggleik.

Blant krava er:

  • vedtektene til barnehagen skal mellom anna gi opplysningar om formål, opptakskriterier og opningstider 
  • kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval for å sikre samarbeidet med heimen 
  • barnehagen skal føre internkontroll

Målgruppe

Barnehageeigarar

Vilkår

Verksemder som har ansvarfor barn under opplæringspliktig alder, pliktar å søkje godkjenning som barnehage når: 

  • barnehagen skal drivast på regelmessig basis.Minst eitt av barna skal ha eit opphald på meir enn 20 timar per veke og
  • talet på barn som er tilstades samstundes er ti eller fleire når barna er tre år eller eldre, eventuelt fem eller fleire når barna er under tre år, og
  • når barna er under tre år, er det tillatt å ha fem barn eller fleire

Ein godkjent barnehage vil motta godtgjerdsle for drifta. Den blir finansiert ved foreldrebetaling, statlege driftstilskot og eventuelt kommunalt tilskot. Informasjon om kommunalt tilskot får du ved å kontakte kommunen.

Statsane for foreldrebetaling og driftstilskot blir fastsette ved budsjetthandsaminga i Stortinget kvart år. 

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Rettleiing

Kommunen vil gi deg rettleiing om kva for godkjenningar/ utsegner du som barnehageeigar må innhente før kommunen kan godkjenne barnehagen. Du bør difor tidleg kontakte kommunen for å få informasjon om kva for krav som blir stilte.

Brosjyrar:
www.etablerebarnehage.no
Godkjenningsprosedyrar i Stord kommune

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Kontaktinformasjon

Annan informasjon

Søkeord

Barn, barnehage, etablering av barnehage, barnehageplass, dagmamma, familiebarnehage

Kontaktinformasjon

Barnehagekonsulent

Idun E. Lunde

Telefon

53 49 69 14

E-postadresse

idun.lunde@stord.kommune.no

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM