Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  05.11.2009
Innhold sist oppdatert:
Oppdatert: 26.11.2010

Avlasting

Avlasting kan ytast overfor alle som har særleg tyngjande omsorgsarbeid. Tenesta skal gjere det mogeleg å oppretthalde gode familierelasjoner og ta vare på sosiale nettverk. Avlasting skal gi omsorgsytaren nødvendig og regelmessig frittid og ferie.

Det er fleire ulike måtar å organisere avlasting på og andre tenester kan i tillegg ha avlastande effekt. Kommunen legg vekt på å finne fram til hensiktsmessige og  individuelle tiltak i samråd med brukar og omsorgsytar.

Målgruppe

Avlasting er retta mot alle som har særleg tyngande omsorgsarbeid.

Vilkår

For å få avlasting må den som har behov for omsorg,fylle vilkåret i i sosialtenestelova § 4-3. Vilkåret omfattar personar som ikkje kan ha omsorg for seg sjølv, eller som er helt avhengig av praktisk bistand eller personleg hjelp for å greie dagleglivets gjeremål. Avlasting er ei teneste etter sosialtenestelova § 4-2b.

Bestemmelsen omfattar til vanleg ikkje barn sine behov, men enkelte funksjonshemma barn kan ha eit så stort omsorgsbehov at dette overstig foreldrene si omsorgsevne. I slike tilfelle vil det foreligge ein hjelpeplikt; til dømes plikt til å tilby avlasting. 

Omsorgsarbeidet må ha eit visst omfang for at det skal bli vurdert som særleg tyngjande. I vurderinga legg kommunen vekt på følgjande:

  • om søkjaren arbeider mange timer pr mnd med omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg 
  • om omsorgsarbeidet medfører mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvnen 
  • korleis omsorgsarbeidet er fordelt over tid 
  • om omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie/fritid 
  • om søkjaren har omsorg for meir enn ein person 
  • om omsorga klart overstig vanleg omsorg for barn på same alder

 

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Lover

Rettleiing

Du kan kontakte Kundetorget for å få hjelp til å søkje, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkomande ha fullmakt.

Søknadsskjema

Du finn søknadsskjema for tenesta i informasjonsboks oppe til høgre på denne sida.

Søknadsfrist

Søknadene vert handsama fortløpande

Saksbehandling

Kundetorget tek stilling til og avgjer søknaden. Søkjaren, eventuelt verje eller nærmaste pårørande vert kontakta av sakshandsamar for å kartleggja bistandsbehovet.

Tildeling av tenester skjer etter individuell og fagleg vurdering. Søkjar vil få tilsendt skriftleg vedtak.

Du har rett til innsyn i dokumenta som vedkjem di sak. Du kan ta nærmare kontakt med Kundetorget dersom du ønskjer dette.

Klage

Du har rett til å klaga på enkeltvedtak. Klagefristen er 3 veker frå du har motteke melding om vedtak. Eventuell klage skal sendast Kundetorget. Dersom du ønskjer det, kan du få hjelp til å skrive klage i Kundetorget.

For vedtak etter Sosialtenestelova er det Fylkesmannen i Hordaland som er klageinstans.

Kontaktinformasjon

Annan informasjon

Søkeord

Betaling

Det er ingen eigenbetaling for avlasting

Kontakt Stord kommune

Kundetorget
Rådhuset
Boks 304
5402 Stord

Telefon
53 49 66 00

E-postadresse
tingarkontoret@stord.kommune.no

Opningstider
Kvardagar 08.00-15.30

Gå til eininga Kundetorget si side

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM